Tiltak og info om tenester i Ørsta kommune

Oversikt over nasjonale tiltak

Førebygge smitte: Følg oppdaterte reglar og råd om hand- og hostehygiene, heimekarantene, reising og risikogrupper.

Trur du at du er smitta?

  • Viss du er sjuk: Hald deg heime. 
  • Viss du er sjuk og mistenkjer koronasmitte: 90 83 07 20 (08.30 – 11.30, man - fre) Les meir
  • Treng du elles legehjelp: Ring fastlegen, (Ørsta legesenter, tlf. 700 48 050)
  • Viss du har behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope: Ring legevakta på 116 117. 
  • Ved livstrugande sjukdom eller skade: Ring 113. 

________________

Information in other languages / andre språk:

General information (english), general information (24 languages), prevent infection (22 languages), home quarantine and isolation (23 languages), information films from Norwegian Broadcasting (3 languages).  

________________

 

Våre tenester og tiltak: 

(Trykk på boksa du vil opne, for å lese meir)

Korona: Tenester og tiltak

Legesenter/legevakt

Ørsta helsesenter: 700 48 050
08.30 - 15.00 måndag - fredag (begrensa kapasitet i lunsjpausa 12.00 - 12.30)
www.orstahelsesenter.no 
 

Telefon koronatest: 90 83 07 20 (08.30 – 11.30, man - fre)


Det er god legekapasitet for rågjeving per telefon, og dei kan hjelpe deg å avgjere om du skal inn til time - viktig at alle som er sjuke ikkje er redde for å ta kontakt. Dette gjeld også dei som er sjuke av andre ting enn ev. koronasmitte. 

Luftvegsklinikk, augeblikkeleg hjelp og telefonar knytt til korona vert motteke og vurdert kvar dag.
 

Eg vil kome i kontakt med legesenteret:

  • Ikkje møt direkte på legesenteret, men ta kontakt per telefon eller e-konsultasjon. Dørene til legesenteret er stengde. Helsesekretær tek i mot deg som kjem etter avtale, og ser til at du kjem til rett plass.
     
  • På www.orstahelsesenter.no er det tilgang på elektroniske tenester etter innlogging. Her kan du mellom anna legge inn førespurnad om fornying av resept. Ved videokonsultasjon ventar du på SMS eller e-post og følger lenkja du får i invitasjonen. Når du har gjort det ser legen at du ventar på oppringing på video.
     
  • Fornying av resept: Logg deg inn på Helsenorge.no for å fornye resept. (Rettleiing til innlogging)
     

Eg har ein avtale med fastlegen min:

  • Om du er frisk og ikkje treng legetimen som du har bestilt, er det ikkje naudsynt å ringe for å avbestille. De vil ikkje verte belasta med gebyr for manglande oppmøte. 
     
  • Pasientar som har avtale om kontrolltime oppsatt før 12. mars vil bli kontakta av fastlege på telefon for å avgjere om og når kontrollen skal bli gjennomførtPasienten blir kontakta seinast den dagen pasienten har time. 
     
  • Annankvar veke kan fastlegen din ta i mot pasientar på kontoret, i tillegg til telefon- og videokonsultasjon - alt etter avtale og behov. Den andre veka er fastlegen berre tilgjengeleg for telefon- og videokonsultasjon. Dette er eit tiltak som kjem av at legane er delt i to grupper, for å redusere smitte.
     

Annan informasjon:

  • Legevakt (telefon 116 117) skal berre nyttast til konsultasjonar som ikkje kan vente til dagtid når legekontoret er ope.
     
  • Ikkje ring legekontor, legevakt eller 113 viss du har generelle spørsmål om koronaviruset. Folkehelseinstituttet har oppretta ei eiga telefonlinje til dette: 815 55 015.
     
  • Hugs at unntaksreglane i krisesituasjonen gir deg 14 dagar eigenmelding.
     
  • Nattlegevakta vil frå no vere stasjonert ved Myrvåg legevakt i tidsrommet kl 22-08. Dette med bakgrunn i den pågående pandemi-situasjon og et ønske om å minske smitte-presset mot sjukehuset i Volda. NB: Ørsta og Volda har også felles legevaktsamarbeid på ettermiddag/kveld, samt helg.

Her finn du informasjon om smitteførebygging, korona-symptom, isolasjon- og karanteneråd/pålegg.

Barnehage, skule og kultur


Ørstabarnehagen 

Opna 20. april, og opningstida er mellom kl. 08.00 og 15.30 Meir info finn du her.

Info om foreldrebetaling finn du her
 

Ørstaskulen 

Har opna for alle elevar, opningstida samla på skule og SFO blir kl. 08.00 - 15.30
Meir info finn du her.

  • Opplæringssenteret er ope frå 11. mai. 

Info om foreldrebetaling finn du her


Anna:

 

Fritidseigendom / hytte

Nasjonale myndigheiter har bestemt at frå 20. april vert forbodet mot å opphalde seg på fritidseigendom/hytte oppheva. 

Du kan lese meir om dette her.
Les meir om regjeringa sine tiltak og endringar frå 20. og 27. april. 

Folkevalde møte
  • Kommunestyremøte er planlagt 7. mai, meir info kjem. 
     
  • Møter i FormannskapetSamfunnsutvalet, og resten av råd og utval går som fjernmøte. Det vert dessverre ikkje anledning til å følgje møta direkte. Opptak frå møta vil verte lasta opp til kommunen sin YouTube-kanal i etterkant.
Helse- og omsorgstenestene

 

Kontaktinformasjon

 

  • Sjukeheimen, omsorgsbustadane og bufellesskapa har opna for både inne- og utebesøk frå 18. mai. Korleis dette er lagt opp, kan de lese meir om her.
  • Praktisk bistand blir berre til nokre få og til dei som treng det på grunn av liv og helse. 
     
  • HBO: Restriktive i forhold til dei som mottek HBO – vi vurderer nøye kven som kan klare seg utan besøk og ev. med tlf kontakt. Vi må prioritere dei som er heilt avhengig av hjelp/besøk på grunn av liv og helse. Desse vurdringane vert gjort for å beskytte brukarane vår på best mulig måte!

    Brukar som vil få endra tenestetilbod vil få informasjon om dette. 

  • Aktivitetssenteret på Bakk-Ola-marka, Møteplassen og Småjobbsentralen på Viketunet er stengt inntil vidare. 

  • Kvardagsrehabilitering: er intensiv og tidsavgrensa trening i daglege gjeremål i eigen heim. Retningslinjene rundt Korona-pandemien gjer at kvardagsrehabilitering ikkje kan drive som normalt denne perioden. Likevel vil vi oppmode folk om å søkje om kvardagsrehabilitering. Alle søknadar vil verte behandla, og søkjarar vil verte kontakta.
     

Registrer di helsefaglige kompetanse!
 

Helsestasjonen i Ørsta

Helsestasjonen sitt telefonnummer er: 94 16 78 48. Opningstid: kl. 9-15 for avtalte konsultasjonar

Helsestasjonen oppdaterar informasjonen sin gjennom Helsestasjonsportalen og si Facebookside.
Råd til gravide og foreldre
 

Ørsta Helsestasjon skal gradvis gå tilbake til meir normal drift, men med smitteverntiltak på plass

  • Det inneber at ikkje alle kan møte i helsestasjonslokala som før. Enkelte vil få tilbod om videokonsultasjon eller telefonkonsultasjon i staden. Dette for å minske på antal personar tilstades på helsestasjonen samtidig
     
  • Frå veke 22 (frå 25.05) har vi no høve til å ta heimebesøk til nyfødde igjen.
     
  • Søsken skal ikkje følge med til helsestasjonen, og møt berre ein forelder så langt som råd. Partner skal ikkje følgje med til svangerskapskontroll.
     
  • Det blir ikkje høve til drop-in utan avtale på førehand. Det blir kun individuelle konsultasjonar, ingen grupper inntil vidare
     
  • Det blir ingen tilbod om utanlandsvaksinering i tida framover, på ubestemt tid
     
  • Vi minner om at både foreldre og barn skal vere friske når dei møter på helsestasjonen. Dette gjeld også lette luftvegssymptom som sår hals, hoste og rennande nase – sjølv om ein elles kjenner seg frisk og ikkje har feber. Ta då kontakt og avbestill timen

 

Skulehelsetenesta:

  • Helsesjukepleiarane er no tilstades på alle skulane, både i grunnskulen og på vidaregåande skule, på dei faste dagane som før
     
  • Det blir kun individuelle konsultasjonar, ingen grupper inntil vidare også her
     
  • Dersom du er elev, føresett eller lærar som treng å komme i kontakt med helsesjukepleiar som til vanleg er på din skule kan du ringe oss:
    • Vikemarka skule: Sanna Driveklepp, tlf. 48005974
    • Sæbø skule: Sanna Driveklepp, tlf. 48005974
    • Hovden skule: Randi Erdal, tlf. 90771540
    • Åmås friskule: Randi Erdal, tlf. 90771540
    • Velle skule: Synnøve Hareide, tlf. 90259712
    • Dalane skule: Synnøve Hareide, tlf. 90259712
    • Vartdal skule: Johanne Øvregaard, tlf. 97521941
    • Ørsta ungdomsskule: Monica W. Matinda, tlf. 91535546
    • Ørsta vidaregåande skule: Randi Erdal, tlf. 90771540 og Sanna Driveklepp, tlf. 48005974


Helsestasjon for ungdom:

 

  • Ørsta har no fått sin eigen Helsestasjon for ungdom fram til sommarferien på helsesjukepleiarkontoret på A-bygget på Ørsta vidaregåande skule. Vi må kome tilbake igjen til kva løysing det blir i skuleferien.
     
  • Opningstid er torsdagar kl 14-16. Tilbodet gjeld ungdom mellom 13 og 20 år. Det vil berre bli konsultasjon etter avtale på førehand, ingen drop-in. Ta kontakt med helsestasjonen for timebestilling på tlf. 94167848
     
  • Både jordmor og helsesjukepleiar blir å treffe på telefon, så ta kontakt om du lurer på noko, enten det gjeld gravide, barn 0-5 år eller barn/unge i skulehelsetenesta
Karantene og isolasjon


Lovdata: Komplette reglar om karantere og isolasjon pr. 15. mars 2020

Ørsta kommune følgjer dei nasjonale reglane knytt til karantene og isolasjon, dette vart det også sendt ut ei pressemelding om 23.03.2020
 

Tiltaka vi følgjer ligg på nasjonale sider:

Helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon 

FHI: Karantene og isolasjon

Koronavettreglane frå Røde Kors

Det er viktig å fremje og ta vare på eiga helse i ein slik krisesituasjon.
Kva betyr dette? - Her kan Koronavettreglane til Røde Kors kan hjelpe deg.

(Trykk på lenkja for å opne film på YouTube)

Landbrukskontoret
NAV

 

Grunna situasjonen rundt Koronaviruset er publikumsmottaket vårt stengd. Les meir om NAV Ørsta/Volda her


Arbeidsgiverar på Søre Sunnmøre - Er du arbeidsgivar som må permittere? 
Info til arbeidsgjevarar i Møre og Romsdal om permittering

Det er lange køar på arbeidsgjevartelefonen til NAV Kontaktsenter. NAV kontora på Søre-Sunnmøre har difor valt å lage ei beredskapsgruppe slik at bedriftene lett skal få informasjon og råd/rettleiing.


Kontakt oss for bistand: 

  • Oddvor F Hovden, tlf 482 52 094 
  • Kåre Hansen, tlf 406 02 047 
  • Roy Vadset, tlf 950 73 188 
  • Ragnar Svensgaard Moe, tlf 922 49 236 
  • Janne Ringstad, tlf 466 22 319 

Les meir om permitteringsreglar

NAV: Spørsmål om koronasituasjonen

Stenging av offentlege toalett

Offentlege toalett vert stengt frå tysdag 17.03.2020, kl 15.00. Toaletta vert stengt for å hindre smitte og nytte ressursar der dei trengs. 

Rådhuset / Servicekontoret

Servicekontoret på Ørsta rådhus blir opna frå 27. april mellom 10.00 - 14.00.
Resten av rådhuset er stengt for publikum.

Sakshandsamarane kan berre nåast pr. telefon og e-post.

Du kan søkje opp tilsette her 

Vi bed om at de gjer ei vurdering om kor viktig det er å kome til servicekontoret. Dei som berre skal levere dokument, søknadar og liknande nyttar postkassa ved inngangen til servicekontoret. Denne vert tømt fleire gongar dagleg.


Vi er tilgjengelege på tlf. 700 49 700 mellom 08.00 - 15.30
Du kan også sende ein epost til postmottak@orsta.kommune.no eller ta ein chat med oss.

Vi har også oppretta ei epostadresse med spesielle spørsmål knytt til samfunnssituasjonen: korona@orsta.kommune.no

 

VØR - Volda og Ørsta Reinhaldsverk


VØR på facebook


Opningstider er som følgjande:

  • Måndag, onsdag, torsdag og fredag 08.00-15.30
  • Tysdag 11.00-19.00
  • Laurdag 09.00-12.00

I tillegg har vi innført praksis om å ikkje sluse inn meir kundar enn at ein greier å halde avstand til kvarandre på leveringslinja.