Status for koronaviruset i Ørsta

Klikk for stort bilete Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons  
Her vil vi oppdatere om statusen for smitte i kommunen vår. Frå 15. juni vert status oppdatert ein gong i veka, og elles ved behov dersom kommunen igjen skulle få positive prøvesvar. Statusoppdateringa vil bli lagt ut måndag føremiddag. 

Det er viktig at alle held seg heime til dei har fått svar om negativ koronatest OG har god allmenntilstand. Det gjeld eigne reglar for folk som er i karantene (karantenetida gjeld uansett kva testresultatet viser).

 

Gode lenkjer:

Totalt antal positive prøvesvar på koronasmitte: 9 stk

Sist registrerte smittetilfelle: 17. august 2020

 

Koronaviruset samandrag av status

Veke 38: måndag 14.sept - fredag 18.sept

Ny felles teststasjon for Ørsta og Volda lokalisert i Hovdebygda i Langemyra 3 vart opna for bruk måndag 14.09. I veke 38 vart det utført 302 testar på teststasjonen. Totalt sett betyr det at 1,4 % av den samla befolkninga i Ørsta og Volda vart testa i veke 38. Ørsta kommune har ikkje fått melding om positive prøvesvar.

Kommuneoverlege/smittevernlege i Ørsta kommune får melding frå mikrobiologen i Molde dersom personar i Ørsta har positive prøver, og kommuneoverlege/smittevernlege i Volda får meldingar om prøvesvar som gjeld Volda.

Frå fredag 18.09 er det nytt telefonnummer for koronatesting: 700 58 960.

Veke 37: måndag 7. sept - fredag 11. sept

I veke 37 vart det tatt 178 koronatestar (1,6 % av befolkninga vart testa). Vi har ikkje fått tilbakemelding om positive testar. 
Totalt sett har det blitt tatt om lag 2080 testar i Ørsta sidan pandemien starta.
 

Veke 36: måndag 31.aug - fredag 4.sept

I veke 36 vart det teke 223 koronatestar i Ørsta kommune (2 % av befolkninga). Vi har ikkje fått melding om positive testar. Om lag 1900 koronatestarer utført i kommunen vår sidan pandemien starta.

Veke 35: måndag 24.aug - fredag 28.aug

I veke 35 vart 309 personar testa i Ørsta kommune, dvs. 2,9% av befolkninga på ei veke. Vi har ikkje fått melding om positive prøver. Om lag 1700 testar er utført i kommunen vår sidan pandemien starta.

Veke 34: måndag 17.august - fredag 21.august

I veke 34 vart 218 personar testa i Ørsta kommune, dvs 2% av befolkninga på ei veke. Vi har ikkje fått melding om fleire positive tilfelle sidan 17.08.

________________

Måndag 17.august

Måndag kveld fekk vi melding om eit nytt positivt Covid-19 tilfelle i Ørsta kommune. Vedkomande har gjennomført karantene etter innreise frå eit karantenepliktig land. Trass i ingen symptom, valde vedkomande å teste seg for sikkerheits skuld. Tre asymptomatiske nærkontaktar er i karantene og vil bli testa i dag. Dette er det niande påviste Covid-19 tilfellet i Ørsta kommune sidan pandemien starta.

Veke 33: måndag 10.august - fredag 14. august

I veke 33 vart 148 personar testa på testasjonen i Ørsta. Det betyr at heile 1,4 % av befolkninga i Ørsta vart testa denne veka. Vi har ikkje fått melding om positive prøver.

Veke 32: måndag 3. august - fredag 7. august

I veke 32 vart totalt 115 personar testa. Det er ny rekord. Vi har ikkje fått melding om positive prøveresultat. Over 1000 personar har blitt testa i Ørsta kommune sidan prøvetakinga starta.

Veke 31: måndag 27.juli - fredag 31.juli

I veke 31 vart det tatt 63 koronatestar i Ørsta kommune og alle testresultata var negative. 

Veke 30: måndag 20.juli - fredag 24.juli

I veke 30 vart det tatt 79 koronatestar i Ørsta kommune og alle testresultata var negative. 

Veke 27: måndag 29.juni - fredag 3.juli

I veke 27 vart det tatt 69 koronatestar i Ørsta kommune, 2 testar var positive.

________________

Fredag 3. juli

Det er stadfesta at personen i same husstand som smittetilfellet registrert 01.07 har testa positivt på Covid-19. Det betyr at vi no har to registrerte smitta i Ørsta kommune. ​Situasjonen knytt til smittetilfella er kartlagt og spora, og kommuneoverlegen vurderar situasjonen som under kontroll. Det er ingen definerte nærkontaktar etter at dei to kom til Ørsta, men for sikkerheits skuld har tre moglege nærkontaktar teke koronatest.

________________

Onsdag 1.juli

Ein person har testa positivt på Covid-19. Vi ventar på prøvesvar frå person i same husstand, men kan anta at vi no har to nye smitta som oppheld seg i Ørsta kommune. Smitta skriv seg truleg frå eit større utbrot i ein annan del av landet.

________________

Veke 29: måndag 13.juli - fredag 17.juli

I veke 29 vart det tatt 71 koronatestar i Ørsta kommune og alle testresultata var negative. 

Veke 25: Måndag 15. juni - fredag 19. juni (vekentleg oppdatering)

I veke 25 vart det tatt 43 koronatestar i Ørsta kommune og alle testresultata var negative.

Veke 26: Måndag 22. juni - fredag 26. juni

I veke 26 vart det tatt 28 koronatestar i Ørsta kommune og alle testresultata var negative.

Veke 24: måndag 8. juni - fredag 12. juni

I veke 24 vart det tatt 42 koronatestar i Ørsta kommune og alle testresultata var negative. Totalt har det blitt tatt 467 testar i kommunen vår. Det er påvist 6 tilfeller av Covid-19 i Ørsta kommune, og det siste tilfellet vart testa 25.03.

Fredag 12.06.2020

Alle 12 prøver frå tysdag var negative.

_________________

Torsdag 11.06.2020

Alle dei 17 prøvene som var tatt tysdag var negative. I dag er det teke 2 prøver. 

_________________

Onsdag 10.06.2020

Alle dei 12 prøvene som var tatt måndag var negative. I dag er det teke 6 prøver. 

_________________

Tysdag 09.06.2020

I dag har 17 stk blitt testa

________________

Måndag 08.06.2020

I dag er det teke 12 prøver, og prøvene frå sist veke var negative. Det er teke 437 prøver totalt, per måndag 8. juni. 

________________

Veke 28: måndag 6.juli - fredag 10.juli

I veke 28 vart det tatt 70 koronatestar i Ørsta kommune og alle testresultata var negative. 

Veke 23: tysdag 2. juni - fredag 5. juni

________________

Fredag 05.06.2020

Alle testane frå onsdag var negative. I dag har 6 stk blitt testa. 

________________

Torsdag 04.06.2020

Alle testane frå tysdag var negative. I dag har 5 stk blitt testa. 

________________

Onsdag 03.06.2020

I dag er det teke 4 prøver. 

________________

Tysdag 02.06.2020

Sist veke vart det teke 33 prøver, og alle var negative. Totalt sett er det teke 402 prøver i kommunen vår per fredag 29. mai. I dag er det teke 8 prøver. 

________________

Veke 22: måndag 25. mai - fredag 29. mai


Fredag 29.05.2020

kl. 09.00

Dei 4 prøvene frå onsdag var negative. 

________________

Torsdag 28.05.2020

kl. 15.45

Alle dei 7 testane frå tysdag er negative. I dag er det teke 8 testar. 

________________

Onsdag 27.05.2020

I dag er 4 testa og alle prøvene frå måndag var negative. 

________________

Tysdag 26.05.2020

kl. 14.45

I dag er det testa 7 stk. 

________________

Måndag 25.05.2020

kl. 15.15

Alle dei 40 prøvene frå sist veke var negative. Det er totalt teke 369 prøver i Ørsta kommune, per fredag 22. mai. I dag er det teke 8 prøver. 

________________

Veke 21: måndag 18. mai - fredag 22. mai

 

Fredag 22.05.2020

I dag vart det teke 6 prøver. Alle prøvene denne veka var negative. 

________________

Onsdag 20.05.2020

kl. 17.20

Måndag vart det teke 19 prøver, alle har kome tilbake negative. I dag har 6 personar blitt testa. 

________________

Tysdag 19.05.2020

kl. 15.45

Alle 54 testar frå sist veke er negative. I dag er det teke 9 prøver. 

________________

Måndag 18.05.2020

kl. 14.00

Sist veke vart det teke 54 testar, og det er teke 329 testar totalt. 52 av prøvene frå sist veke var negative, og vi ventar prøvesvar frå dei 2 siste. I dag er det teke 19 prøver.

________________

Veke 20: måndag 11. mai - fredag 15. mai

 

Fredag 15.05.2020

I dag er det testa 16 stk. 

________________

Torsdag 14.05.2020

I dag vart 10 testa, det er teke totalt 313 testar i Ørsta kommune. Alle prøvene denne veka, til og med onsdag har kome tilbake negative.

________________

Onsdag 13.05.2020

I dag vart 11 testa.

________________

Tysdag 12.05.2020

I dag vart 10 testa.

________________

Måndag 11.05.2020

kl. 15.00

Vi har hatt 6 påviste tilfeller av Covid-19 i kommunen vår. Det siste tilfellet testa positivt 25.03.20.

Det er totalt pr fredag 8. mai er det. gjennomført 275 testar i Ørsta. I veke 19 vart 36 personar testa, og alle prøvene var negative (ikkje påvist smitte). I dag har 7 personar blitt testa.
 ________________

Veke 19: måndag 4. mai - fredag 8. mai

________________

Fredag 08.05.2020

I dag er det teke 7 prøver. Alle dei 36 prøvene denne veka var negative. 

________________

Torsdag 07.05.2020

I dag er det teke 9 prøver. 

________________​​​​​​​

Onsdag 06.05.2020

I dag er det teke 4 prøver.

________________

Tysdag 05.05.2020

I dag er det teke 10 prøver.

________________

Måndag 04.05.2020

I veke 18 vart det tatt prøve av 36 personar i Ørsta, alle prøvene var negative.

I dag er det tek 6 prøver. 

Veke 18: måndag 27. april - fredag 1. mai

 ________________

Torsdag 30.04.2020

kl. 14.10

I dag er det teke 11 prøver. Dei 17 prøvene frå måndag og tysdag er negative. Vi ventar prøvesvar på dei 7 testane i går. Det er til saman er tatt 238 testar i Ørsta kommune. 

FHI har igjen oppdatert sine testkriterie, som opnar for at enno fleire kan bli testa. Les meir her
Har du symptom og lurer på om du skal bli testa? Ring: 90 83 07 20 (08.30 – 11.30, man - fre)

________________

Onsdag 29.04.2020

kl. 14.15

I dag er det teke 7 testar. Dei 12 prøvene som vart tekne måndag var alle negative. 

________________

Tysdag 28.04.2020

kl. 14.10

I dag er det teke 5 prøver. Vi ventar på prøvesvar på dei 12 prøvene frå i går. Hittil er det 220 prøver som er tekne. 

________________

Måndag 27.04.2020

kl. 14.45 (antal prøver oppdatert onsdag 29.04)

I dag er det teke 12 prøver. Det vart først meldt om 13 prøver, men her har det seinare kome ei korrigering. Alle dei 7 prøvene frå fredag var negative.

________________

Veke 17: måndag 20. april - fredag 24. april

 

Fredag 24.04.2020

kl. 14.00

Det er teke 7 prøver i dag, og totalt 17 prøver denne veka. Per fredag 24. april er det teke 203 prøver. Alle dei 10 testane som vart teke mandag til onsdag, kom tilbake negative. 

________________

Torsdag 23.04.2020

kl. 12.10

I dag er det ikkje teke nokon prøver. Dei tre prøvene frå tysdag var også negative. 

________________

Onsdag 22.04.2020

kl. 15.00

Dei 2 prøvene frå måndag var også negative. I dag er det teke 5 prøver, og vi ventar svar på dei 3 prøvene frå tysdag. Det er teke 196 prøver til og med i dag, 22. april. 

________________

Tysdag 21.04.2020

kl. 15.00

I dag er det teke 3 prøver. 
Dei 2 prøvene frå fredag kom tilbake negative, og vi ventar prøvesvar på dei 2 prøvene frå i går. 

________________

Mandag 20.04.2020

kl. 15.30

I dag er det teke 2 testar. Vi ventar framleis på dei 2 prøvene frå fredag. 

Testkriterie og tlf.nr.

Kommunen har fått eigen tlf. for koronatesting: 90 83 07 20 (08.30 – 11.30, man - fre).
Opningstida er tilpassa slik at dei som ringjer innanfor dette tidspunktet rekk å bli testa same dag.
Her kan du lese meir om dei nye testkriteria frå 20. april 2020

________________

Veke 16: tysdag 14. april - fredag 17. april

 

Fredag 17.04.2020

kl. 15.30

Denne veka er det teke 14 prøver til saman. Desse fordelar seg slik: 4 tysdag, 5 onsdag, 3 torsdag og 2 i dag fredag. Vi har fått svar på 12 av prøvene, og alle desse er negative. Det er totalt teke 186 prøver i Ørsta kommune, og vi har hittil hatt 6 smittetilfelle. Dette er inkludert det tilfellet som var overført til Ørsta kommune sin statistikk tidlegare denne veka.

________________

Torsdag 16.04.2020

kl. 14.50

Vi har fått svar på 4 av 9 prøver denne veka, og alle desse er negative. Ventar svar på dei 5 prøvene frå i går.
I dag er det teke 3 testar.  

________________

Onsdag 15.04.2020

kl. 14.50

I dag vart det teke 5 prøver og i går vart det teke 4 prøver, desse ventar vi svar på. 
 

Endring i smittetal:

I dag 15. april har Ørsta kommune endra smittetalet frå 5 til 6 smittetilfelle. Dette betyr ikkje at det er noko nytt smittetilfelle i Ørsta, men at ein i statistikken flyttar eit tilfelle frå Volda kommune til Ørsta kommune. Smittetilfellet ligg 3 veker tilbake i tid.

Tilfellet som no har blitt overflytta frå Volda kommune til Ørsta kommune sin statistikk, er folkeregistrert i Ørsta kommune, men har fastlege i Volda. Kommunane ligg geografisk nære kvarandre og det er fleire som har fastlege på tvers av kommunegrensene. Dette tilfellet vart altså testa i Volda, fulgt opp i høve alle dei same retningslinjene som i Ørsta og det er gitt den same gode oppfølginga der. Vedkomande har difor feilaktig kome på Volda kommune sin statistikk fram til no. Vi understrekar nok ein gong at dette smittetilfellet ikkje er nytt, men går 3 veker tilbake i tid. Det er likevel viktig å få kommunestatistikken riktig, og difor gjer vi rettinga no.

________________

 

Tysdag 14.04.2020

kl. 15.40

Til og med måndag 13. april er det teke 172 prøver. Det vart teke 2 prøver langfredag. Alle prøvene frå sist veke var negative. Vi har framleis totalt 5 prositive prøvesvar på koronasmitte.

I dag er 4 personar testa. 

________________

Veke 15: måndag 6. april - måndag 13. april

 

Torsdag til måndag 09.04.2020 - 13.04.2020

Status er lik, ingen nye oppdateringar. 

________________

 

Onsdag 08.04.2020

kl. 13.40

Dei 6 prøvesvara frå måndag kom tilbake negative. Vi ventar svar frå 3 prøver tysdag, og i dag er det teke 2 prøver. Totalt er det teke 170 prøver til og med onsdag 8. april, og vi har framleis totalt 5 positive prøvesvar på koronasmitte.

________________

 

Tysdag 07.04.2020

kl. 14.40

I dag er det teke 3 prøver. Vi ventar framleis på 6 prøver frå i går. 

________________

 

Måndag 06.04.2020

kl. 10.30 (antal oppdatert tysdag 7. april)

Alle dei 34 prøvene frå sist veke har kome tilbake som negative. I dag vart det testa 6 personar. Det er teke 165 prøver i Ørsta kommune per måndag 6. april, og vi har hittil 5 registrerte smittetilfelle. 

________________

Veke 14: måndag 30. mars - søndag 5. april

Laurdag og Søndag 04.04.2020 - 05.04.2020


Status i helga var lik som før helga. 

________________

 

Fredag 03.04.2020

kl. 14.30

Denne veka er det teke 34 testar, og vi har fått svar på 25 som er negative. Vi ventar svar på 2 prøver frå i går og 7 som vart tekne i dag. Vi har framleis 5 positive prøvesvar på koronasmitte i Ørsta kommune. Det vert ikkje teke nye testar i løpet av helga. 

________________

 

Torsdag 02.04.2020

kl. 15.00

Dei 3 prøvene som vart teke tysdag var også negative. I dag er det teke 2 prøver, og vi ventar svar på dei til saman 10 prøvene frå i går og i dag. Denne veka er det teke 26 prøver til saman, og vi har fått svar på 17 av dei. - Hittil er alle er negative.

________________

 

Onsdag 01.04.2020

kl. 15.00

Vi har fått svar på dei 14 prøvene frå måndag, alle desse prøvene var negative. I dag er det teke 8 prøver, og vi ventar svar på dei 11 prøvene som er tatt i går og i dag. 

________________

 

Tysdag 31.03.2020

kl. 14.10

I dag er det teke 3 prøver, vi ventar difor svar på totalt 17 prøver frå denne veka. 

________________

 

Måndag 30.03.2020

kl.15.00

Alle dei 5 prøvene frå torsdag og fredag har kome tilbake som negative. Per fredag 27. mars er det 125 personar som er testa i Ørsta kommune, og totalt 5 positive prøver. I dag er det teke 14 prøver. 

________________

Veke 13: måndag 23. mars - søndag 29. mars

 

Laurdag og Søndag 28.03.2020 - 29.03.2020


Status lik som før helga. 

________________

 

Fredag 27.03.2020

kl. 14.25

Totalt denne veka er det tatt 23 prøver. Prøvene til og med onsdag fordelar seg med 1 positiv prøve og resten negative. Vi har framleis totalt 5 positive prøvesvar. I dag er det teke 4 prøver, og vi ventar då på totalt 5 prøvesvar.

Det vil ikkje bli teke prøver i løpet av helga. 

________________

 

Torsdag 26.03.2020

kl. 15.05

Hittil har det blitt teke 120 prøver i Ørsta kommune tom. 25.03.2020, og av desse er det 5 positive prøvesvar.  

Til og med torsdag denne veka er det testa 19 personar. Prøvene fordelar seg med 6 stk måndag, 5 stk tysdag, 7 stk onsdag og 1 stk torsdag. Vi har fått svar på alle prøvene måndag, med 1 positiv prøve og 5 negative prøver.

Det var ingen nye positive prøvesvar for prøvene teke tysdag. 2 av desse 5 prøvene vart diverre forkasta av laboratoriet, fordi dei ikkje oppfylte krava for testing. Sjølv om det vert teke mange prøver i Norge no, er ein enno nøydd til å gjere svært strenge prioriteringar på kven det skal takast prøve av. Både dei som tek testen og dei som skal analysere prøvene må ta omsyn til kapasiteten. Les meir om kven som vert testa

(Vi hadde først varsla at 6 stk var testa måndag, men dette har blitt retta til 7 stk). 

________________

 

Onsdag 25.03.2020

kl. 12.40 (antal nye prøver oppdatert 26. mars)

Vi har fått tilbake prøvesvara på dei 6 prøvene som vart tatt måndag: 1 ny positiv prøve og 5 negative. Dette betyr at Ørsta kommune i alt har 5 positive prøver per i dag. 

Det føreligg ikkje prøvesvar på dei 5 prøvene frå tysdag, og det er teke 6 nye prøver i dag. 

Situasjonen knytt til den positive prøva er kartlagt og spora, og kommuneoverlegen meiner at vi har rimeleg bra kontroll over situasjonen. Det dreier seg om innanlandssmitte, og vedkomande er nærkontakt til eit tilfelle utanfor Ørsta som vi vart varsla om fredag kveld. Vedkomande har holdt seg heime i fleire dagar før vi fekk dette varselet og vart rutinemessig pålagt heimeisolasjon.

________________

 

Tysdag 24.03.2020

kl. 14.45

Status er den same som i går. Ventar på svar på 6 prøver frå i går. I dag er det teke 5 nye prøver.

________________

 

Måndag 23.03.2020

kl. 10.30 (antal prøver oppdatert 27. mars).

Framleis 4 positive prøve totalt. Alle 87 prøver frå førre veke var negative. Det er testa 6 nye måndag.

Kommuneoverlegen understrekar at vi likevel må gå ut i frå at det er mørketal i smitta, og halde fram med tiltaka som er sett. Det finnast truleg smitte i lokalsamfunnet som vi ikkje veit om. Som samfunn må vi difor halde fram med å følge nasjonale tiltak og halde oss mest mogleg for oss sjølve og unngå kontakt med andre. Vi oppfordrar også om at berre ein husstandsmedlem går på butikken, og at vedkomande vaskar seg godt på hender både før og etter butikkbesøket. Sjå Helsenorge.no/koronavirus for meir informasjon.

  • Viss du er sjuk: Hald deg heime. 
  • Viss du er sjuk og mistenkjer smitte eller treng legehjelp: Ring fastlegen
    (Ørsta legesenter, tlf. 700 48 050)
  • Viss du har behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope: Ring legevakta på 116 117. 
  • Ved livstrugande sjukdom eller skade: Ring 113. 

NB: FHI har opna for å melde frå om  opna for at ein sjølv kan melde frå om mistanke ved koronavirus.

________________

Veke 12: måndag 16. mars - søndag 22. mars

 

Søndag 22.03.2020


I dag har FHI opna for at ein sjølv kan melde frå om mistanke om koronavirus. Dette gjer ein på følgande side. 

________________

 

Laurdag 21.03.2020


Ingen oppdatering av status.

________________

 

Fredag 20.03.2020

kl 14.50

I dag er det tatt 8 prøver. Talet på smitta er framleis uendra.

Prøvetalet frå måndag er blitt justert frå 27 til 32. Det betyr at det totale antalet for prøver måndag og tysdag er på 49 prøver. Vi har fått tilbake 46 av desse prøvesvara, som alle var negative. I tillegg ventar vi svar på 2 prøver. 1 av prøvene måtte takast på nytt, sidan denne var inkonklusiv. 

Sjølv om vi får så mange negative prøvesvar må vi likevel vere førebudde på at det kan kome fleire positive prøver, enn dei 4 som har kome hittil. Indikasjon for testing er strenge, noko som gjer at få blir testa. Ørsta kommune følgjer dei nasjonale retningslinjene for kven som vert testa. Vi må dermed gå ut i frå at det kan finnast smitte som vi ikkje veit om. Det er difor svært viktig at alle følgjer råd og anbefalingar frå www.fhi.no og www.helsenorge.no/koronavirus.

Som sist helg, vil det ikkje bli tatt prøver i løpet av helga. Vi ventar framleis på ein del prøvesvar. Prøvesvara kjem fortløpande, når dei er klare.

Elles er vi godt nøgde med transportløysninga som vart innført i samarbeid med Volda kommune i går. Ein egen sjåfør køyrer prøvene direkte til Molde, der testsenteret ligg, på vegne av kommunane.

________________

Torsdag 19.03.2020

kl 14.10 (Talet på antal testa vart oppdatert fredag 20.03.2020)

Talet på smitta er framleis uendra. I dag er det tatt 16 prøver.

Det har kome tilbake nokre prøvesvar på dei 63 prøvene frå måndag til onsdag, som vi har venta svar på. Alle desse prøvesvara er så langt negative. 

Ørsta og Volda kommunar har starta opp direkte transport med eigen sjåfør som køyrer koronaprøvene frå kommunane direkte til Molde, der testsenteret ligg. På denne måten sikrar vi at prøvene kjem fram til testing så raskt som mogleg. 

________________

 

Onsdag 18.03.2020

kl 14.50 (Talet på antal testa vart oppdatert fredag 20.03.2020)

Talet på smitta er uendra. I dag er det testa 14 stk.

No ventar vi på til saman 63 prøvesvar; 32 stk frå måndag, 17 frå tysdag og 14 frå i dag onsdag. Systemet ber preg av å vere overbelasta, også på transport og prøveanalyse. Det går difor litt tid å få attende resultat. 

________________

 

Tysdag 17.03.2020

kl 11.00 (Talet på antal testa vart oppdatert onsdag 18.03.2020)

Talet på smitta er uendra, og prøvesvara på dei som var testa før helga er negative. I dag vart det testa 17 stk.

Vi ventar på prøvesvar på dei 32 som vart testa i går. Systemet ber preg av å vere overbelasta, også på prøveanalyse. Det går difor litt tid å få attende resultat. 

________________

 

Måndag 16.03.2020

kl 15.27 (Talet på antal testa vart oppdatert fredag 20.03.2020)

Kommuneoverlegen rapporterer i dag at 32 personar har vorte testa i teltet i dag. (Prøvetalet som tidlegare var opplyst om var 27 personar). 

________________

Veke 11: måndag 9. mars - søndag 15. mars

 

Søndag 15.03.2020

 

Per søndag er det ikkje meldt om fleire smittetilfeller i Ørsta kommune.

________________

 

Laurdag 14.03.2020

 

Per kl 22.30 laurdag kveld har Ørsta kommune fått svar på 2 nye prøver, og dette er 2 nye positive prøvesvar på koronasmitte. Per i dag har vi altså 4 bekrefta tilfelle i Ørsta. 

NB! Dette er veldig viktig, for kapasiteten på legevakta og telefonlinjene er sprengd! - Hald hovudet kaldt og hjartet varmt. Om du ikkje treng akutt helsehjelp, må du unngå å halde telefonlinja oppteken for dei som verkeleg treng hjelp.   

Personar med mildare symptom etter reise treng ikkje kontakte lege. Om de har behov for akutt helsehjelp, må de ringe fastlegen eller legevakt på 116 117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg. 

Dersom du føler deg sjuk, bør du halde deg heime! Meir råd finn du her

FHI held på å utarbeide oppdaterte råd i samråd med Helsedirektoratet og inntil vidare gjeld følgande:
 

Indikasjon for testing av covid-19

Kriterier for testing, uavhengig av reiseanamnese (prioriteringer må tilpasses lokale forhold og kapasitet)

  • Pasienter med akutt innsettende luftveisinfeksjon* med behov for innleggelse
  • Innlagte pasienter i alle helseinstitusjoner med akutt luftveisinfeksjon
  • Ansatte i helsetjenesten med pasientnært arbeid med akutt innsettende luftveisinfeksjon
  • Person med akutt luftveisinfeksjon som har vært i nærkontakt med et bekreftet tilfelle av covid-19 der smitteoppsporing er indisert
  • Spesielt sårbare grupper bør vurderes for testing selv ved milde symptomer

*akutt luftveisinfeksjon med minst ett av symptomene feber, hoste, kortpustethet

 

________________

 

Fredag 13.03.2020

Per kl 22.30 i dag har Ørsta kommune fått svar på ei ny prøve, og dette er 1 ny positiv prøve på koronasmitte. Dette betyr at vi per i dag har 2 bekrefta tilfelle i Ørsta. 

________________

 

Fredag 13.03.2020

Per i dag har Ørsta kommune framleis 1 positiv prøve, og vi ventar på 3 prøvesvar frå personar som har vorte testa dei siste dagane. 6 nye personar har blitt testa i dag. 

Testing vert ikkje gjennomført i helga, då ein ikkje kan sende inn prøver før måndag.
Ved mistanke om symptom; hald deg heime.
Ved mistanke om koronasmitte; ta berre kontakt med lege dersom du har behov for legehjelp. 

Det er viktig at helsepersonellet får bruke tida si rett, legar må behandle personar som treng legehjelp - både i høve korona og andre årsaker. Det er ei bekymring frå kommuneoverlegen at personar som treng legehjelp ved livstruande sjukdom og andre akutte hendingar ikkje oppnår kontakt med legevakt. Vi ber difor om at de gjer gode vurderingar på om de må ringe legevakta, slik at vi kan få telefon-trykket ned. 

_______________

 

Torsdag 12.03.2020

Statusen var lik som dagen før, men det kom på plass ei rekkje nye føringar frå Helsedirektoratet, for å hindre spreiing av smitte.

 

_______________


Onsdag 11.03.2020

Per kl. 19.20 har Ørsta kommune 6 stk i karantene, 1 positiv prøve og vi ventar på 1 prøvesvar.

Den eine av dei to som var i karantene per i går har no testa positivt på koronavirus, medan den andre hadde negativt svar. Vedkomande har vore i karantene sidan dei kom heim frå utanlandsreise. 

Kommunen har avgjort at vi vil avgrense besøk på våre institusjonar og bufelleskap. Ev. besøk må avtalast med institusjon på førehand, sjå lenkje. 

 

________________


Onsdag 11.03.2020

Per kl. 14.00 har vi ingen ny informasjon om prøvesvara til dei to som sit i karantene.

Kommunen har sett kriseleiing og følgjer situasjonen tett opp i mot både fylkesmannen, fylkeskommune og Folkehelseinstituttet (FHI). Vi oppdaterar heimesida fortløpande.

________________


Tysdag 10.03.2020

To personar i same husstand er satt i karantene. Begge har luftvegssymptom og er testa. Prøvesvar ligg ikkje føre enno. 

Dei har vore i utlandet i eit område som står på lista til FHI der det er vedvarande smittespreiing.

________________


Måndag 09.03.2020

Den andre av dei to som har teke prøve for koronasmitte i Ørsta har no fått svar, og også denne var negativ. Karantenen er oppheva, og per no er ingen i karantene i Ørsta. 

_________________

 

Veke 10: torsdag 5. mars - fredag 6. mars


Fredag 06.03.2020

Status for fredag er den same som for torsdag 5. mars. Dette melder Smittevernlegen i Ørsta.

_________________
 

Torsdag 05.03.2020

Per i dag er det 3 stk som er i karantene.

  • Den eine av dei tre har fått svar på si prøve. Den var negativ, men det er gjort ei vurdering i samråd med FHI om at vedkomande skal vere borte frå arbeid/haldast i karantene til og med søndag.
     
  • Dei to andre er i familie. Ein av dei har symptom og er testa. Her ventar vi prøvesvar snart.

Vi er ikkje kjende med at det er nokon nye tilfelle i Ørsta.