AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Slik nyttar du munnbindet

 Klikk for stort bilete FHI   
No er vi fleire som nyttar munnbind, både privat og i arbeid. Her kjem difor ei oppfrisking i korrekt bruk av munnbind. Vi oppmodar også bedrifter der tilsette nyttar munnbind i løpet av arbeidsdagen om å ta ein ekstra sjekk på om rutinene er gode nok. 

Det er viktig at vi hugsar på at munnbind ikkje skal nyttast i staden for avstand og god hygiene, men i tillegg til andre smitteverntiltak. Vi må alle framleis halde avstand, redusere tal nærkontaktar, ha god hand- og hostehygiene og halde oss heime dersom vi ikkje kjenner oss friske. For kommunar med lokalt eller regionalt tiltaksnivå kan det gjelde andre råd og reglar enn dei som er lista opp her.


Munnbind har begrensa effekt og levetid

Munnbindet må byttast med jamne mellomrom, for eksempel når det vert fuktig, tilsølt eller vi tek det av for å ete. Dersom du skal ete eller drikke, må du ta av munnbindet, vaske hendene og ta på eit nytt munnbind når du er ferdig å ete eller drikke.


Myndigheitene rår til at munnbind vert nytta i følgjande situasjonar:

  • Alle stader der det ikkje er mogleg å halde to meters avstand til andre
  • Når personar som er smitta eller har symptom på covid-19 må bryte isolasjonen sin for å reise til og frå helseinstitusjon eller for testing
  • Når personar med mistenkt eller påvist covid-19 er nærmare andre husstandsmedlemmer enn 1 meter, dersom helsetilstanden tillet det
  • Alternativt at  husstandsmedlemmer nyttar munnbind når dei ikkje kan overhalde minst ein meters avstand til ein person med mistenkt eller påvist covid-19 dersom det ikkje er mogleg for den sjuke å ha munnbind på

FHI om munnbind

 

Slik nyttar du munnbind



For å nytte eingongsmunnbind/medisinsk munnbind rett, må vi hugse på: 

Klikk for stort bilete FHI   

  • Reine hender når vi tek på munnbindet
  • Munnbindet må ligge tett inntil andletet og godt over nasen
  • Klem til munnbindet på begge sider av nasen og dra det godt under haka
  • Munnbind skal ha den farga sida ut. Dersom munnbindet er kvitt på begge sider, ser du på pakninga for å finne ut kva som er utside og innside
  • Ikkje rør munnbindet medan du har det på. Om du må justere på det, må du vaske hendene dine etterpå
  • Ikkje flytt munnbindet under nasen eller under haka. Du skal heller ikkje la det henge frå ei øyre for deretter å ha det på att.
  • Briller skal ligge over eller utanpå munnbindet
  • Eingongsmunnbind skal berre nyttast ein gong
  • Bytt munnbind dersom det vert fuktig eller du tek det av for å ete
  • Når du tek av munnbindet, tek du helst berre i banda som går bak øyrene
  • Kast det brukte munnbindet i søpla med ein gong du har tatt det av, og vask eller sprit hendene dine

For å nytte tøymunnbind rett, må vi hugse på:

Klikk for stort bilete  

  • Reine hender når vi tek på munnbindet
  • Munnbindet må ligge tett inntil andletet og godt over nasen
  • Briller skal ligge over eller utanpå munnbindet
  • Bytt til eit reint tøymunnbind dersom munnbindet vert fuktig eller du tek det av for å ete
  • Vask eller sprit hender etter at du har tatt av eller rørt tøymunnbindet
  • Oppbevar brukte tøymunnbind i ein lukka plastpose til du får vaska det
  • Vask tøymunnbind på 60 grader mellom kvar gong du bruker det