Koronasertifikat

Om du skal reise til land som krev koronasertifikat ved innreise må du ha eit slikt sertifikat. 

Det er ønskeleg at alle som kan, brukar den digitale løysinga på www.helsenorge.no

Dei som har behov for papirversjon kan ringe for å få dette.

Meir informasjon og telefonnummer 
 

Betaling og tilgang til sertifikat

Det er gratis å ta ein antigen hurtigtest for å få grønt koronasertifikat i forbindelse med deltakelse på arrangement eller utanlandsreiser. PCR-testar før utanlandsreiser, samt helseattestar ut over koronapasset vert ikkje dekka av HELFO, så dette må ein betale for sjølv. Mange land i EU godtek no ein antigen hurtigtest i forkant av reiser, samt det europeiske koronasertifikatet som dokumentasjon når ein reiser til utlandet. Slike testar er dekka av HELFO og er difor gratis. 

Koronasertifikatet finn du ved å logge inn på helsenorge.no. Dersom du har behov for koronasertifikatet ditt på papir, kan du få dette tilsendt frå HELFO. Les meir om koronasertifikatet på helsenorge.no: https://www.helsenorge.no/koronasertifikat/om/#hvordan-kan-koronasertifikatet-brukes-i-eu-og-eos

Det er viktig at du sjølv sett deg inn i kva reglar som gjeld for det landet du skal reise til, dette kan du f.eks. finne på https://reopen.europa.eu/en 
 

Kvar kan du ta koronatest før reise?

Når kommunen ikkje har store utbrot kan du bestille koronatest på vanleg måte, også dersom du skal ut og reise. Bestill koronatest her.

Teststasjonen prioriterer testing av folk med symptom og nærkontakter før reisetestar. Ved store utbrot har kommunen difor ikkje alltid kapasitet til å ta slike reisetestar. I slike situasjonar ber difor om at dei som treng ein koronatest i forkant av utanlandsreiser tek kontakt med private aktørar. Dersom ein kan reise med ein antigen hurtigtest og koronasertifikatet som dokumentasjon, er denne testen gratis også hjå private aktørar.