Tenester i Ørsta kommune påverka av koronaviruset


(Trykk på boksa du vil opne, for å lese meir)

Legesenter/legevakt

Ørsta helsesenter: 700 48 050
08.30 - 15.00 måndag - fredag (begrensa kapasitet i lunsjpausa 12.00 - 12.30)
www.orstahelsesenter.no 
 

Bestill time til koronatest

 

Eg vil kome i kontakt med legesenteret:

  • Ikkje møt direkte på legesenteret, men ta kontakt per telefon eller e-konsultasjon. Dørene til legesenteret er stengde. Helsesekretær tek i mot deg som kjem etter avtale, og ser til at du kjem til rett plass.
     
  • Elekroniske tenester (tekstkonsultasjon, videokonsultasjon, reseptbestilling) er tilgjengeleg via Helsenorge.no
     
  • Fornying av resept: Logg deg inn på Helsenorge.no for å fornye resept. (Rettleiing til innlogging)

Annan informasjon:

  • Legevakt (telefon 116 117) skal berre nyttast til konsultasjonar som ikkje kan vente til dagtid når legekontoret er ope.
     
  • Ikkje ring legekontor, legevakt eller 113 viss du har generelle spørsmål om koronaviruset. Folkehelseinstituttet har oppretta ei eiga telefonlinje til dette: 815 55 015.
     
  • Hugs at unntaksreglane i krisesituasjonen gir deg 14 dagar eigenmelding.

Her finn du informasjon om smitteførebygging, korona-symptom, isolasjon- og karanteneråd/pålegg.

Helse- og omsorgstenestene

 

Kontaktinformasjon

  • Sjukeheimane: Sjå informasjon her
    • Sjukeheimane i Ørsta kommune har no fått på plass ulike kommunikasjonsverkty for å hjelpe brukarar og pårørande slik at dei kan halde kontakt med kvarandre.  
       
  • Bakk-Ola-marka: Aktivitetssenteret der opnar igjen måndag 9. august. Dørene er stengde denne til og med søndag 8. august, men alle får ta imot besøk etter avtale. Frå 9. august vil dørene vere opne – så sant det ikkje skjer noko som endrar situasjonen. Vi ber om at ein ventar med å gå på besøk om ein kan, men naudsynte besøk kan avtalast. ​​​​​​Alle besøk må avtalast på førehand. Sjå informasjon her

  • Kvardagsrehabilitering: Har litt ferieavvikling no, men driv elles som normalt. Smittevernomsyn kan påverke aktiviteten. Kvardagsrehabilitering er intensiv og tidsavgrensa trening i daglege gjeremål i eigen heim. Retningslinjene rundt Korona-pandemien gjer at kvardagsrehabilitering ikkje kan drive som normalt denne perioden. Likevel vil vi oppmode folk om å søkje om kvardagsrehabilitering. Alle søknadar vil verte behandla, og søkjarar vil verte kontakta.

  • Dagaktivitetstilbod: Alt dagaktivitetstilbod er per januar 2021 samla ved dagavdelinga Hagestova. Det betyr at det primært er brukarar med demenssjukdom som får eit tilbod, men ein har opna for ei individuell vurdering av enkelte andre brukarar med stort hjelpebehov.

Helsestasjonen i Ørsta

Helsestasjonen sitt telefonnummer er: 94 16 78 48. Opningstid: kl. 9–15 for avtalte konsultasjonar

Helsestasjonen oppdaterar informasjonen sin gjennom Helsestasjonsportalen og si Facebookside.
Råd til gravide og foreldre.

Både jordmor og helsesjukepleiar blir å treffe på telefon, så ta kontakt om du lurer på noko, enten det gjeld gravide, barn 0-5 år eller barn/unge i skulehelsetenesta. 
 

Ørsta Helsestasjon har gått tilbake til normal drift, men med smitteverntiltak på plass

  • Det blir ikkje høve til drop-in utan avtale på førehand

  • Det inneber også at ikkje alle kan møte i helsestasjonslokala som før. Enkelte vil få tilbod om videokonsultasjon eller telefonkonsultasjon i staden. Dette for å minske på antal personar tilstades på helsestasjonen samtidig

  • Søsken skal ikkje følge med til helsestasjonen, og berre ein forelder skal følgje barnet dersom ikkje noko anna er avtalt 

  • Partner skal ikkje følgje med til svangerskapskontroll utan at det er avtalt med jordmor

  • Det blir mest individuelle konsultasjonar, berre enkelte grupper inntil vidare

  • Det blir ingen tilbod om utanlandsvaksinering i tida framover, på ubestemt tid

  • NB! Vi minner om at både foreldre og barn skal vere friske når dei møter på helsestasjonen. Dette gjeld også lette luftvegssymptom som sår hals, hoste og rennande nase – sjølv om ein elles kjenner seg frisk og ikkje har feber. Ta då kontakt og avbestill timen

     

Skulehelsetenesta:

  • Helsesjukepleiarane er no tilstades på alle skulane, både i grunnskulen og på vidaregåande skule, på dei faste dagane som før
     
  • Dersom du er elev, føresett eller lærar som treng å komme i kontakt med helsesjukepleiar som til vanleg er på din skule kan du ringe oss:
    • Vikemarka skule: Pernille Grimstad, tlf. 90401568

    • Sæbø skule: Sanna Driveklepp, tlf. 48005974

    • Hovden skule: Jeanette Busch Bjørdal, tlf. 90771540

    • Åmås friskule: Jeanette Busch Bjørdal, tlf. 90771540

    • Velle skule: Synnøve Hareide, tlf. 90259712

    • Dalane skule: Jeanette Busch Bjørdal, tlf. 90771540

    • Vartdal skule: Sanna Driveklepp, tlf. 48005974

    • Ørsta ungdomsskule: Monica W. Matinda, tlf. 91535546

    • Ørsta vidaregåande skule: Sanna Driveklepp, tlf. 48005974


Helsestasjon for ungdom:

Helsestasjon for ungdom held til på Ørsta velferdshus og har ope for drop-in kvar onsdag kl.14.30-16.30. 

NAV

Opningstider og informasjon – NAV
Du finn oppdatert informasjon og opningstider på denne sida: NAV Ørsta Volda – kontorinformasjon


Arbeidsgiverar på Søre Sunnmøre - Er du arbeidsgivar som må permittere? 
Info til arbeidsgjevarar i Møre og Romsdal om permittering

Det er lange køar på arbeidsgjevartelefonen til NAV Kontaktsenter. NAV kontora på Søre-Sunnmøre har difor valt å lage ei beredskapsgruppe slik at bedriftene lett skal få informasjon og råd/rettleiing.


Kontakt oss for bistand: 

  • Oddvor F Hovden, tlf 482 52 094 
  • Kåre Hansen, tlf 406 02 047 
  • Roy Vadset, tlf 950 73 188 
  • Ragnar Svensgaard Moe, tlf 922 49 236 
  • Janne Ringstad, tlf 466 22 319 

NAV: Spørsmål om koronasituasjonen

Rådhuset / Servicekontoret

Servicekontoret på Ørsta rådhus er ope mellom 09.00 - 15.00.
Resten av rådhuset er stengt for publikum.

Sakshandsamarane kan berre nåast pr. telefon og e-post.

Du kan søkje opp tilsette her 

Vi ber om at de gjer ei vurdering om kor viktig det er å kome til servicekontoret. Dei som berre skal levere dokument, søknadar og liknande nyttar postkassa ved inngangen til servicekontoret. Denne vert tømt fleire gongar dagleg.


Vi er tilgjengelege på tlf. 700 49 700 mellom 08.00 - 15.30
Du kan også sende ein epost til postmottak@orsta.kommune.no eller ta ein chat med oss.