Er du nærkontakt?

Informasjon for nærkontakter

Definisjon på nærkontakt:

  • Nærmare enn to meter i meir enn 15 min eller fysisk kontakt.
  • Om ein har vore i lag innandørs over tid kan ein også bli rekna som nærkontakt, t.d på ein fest eller samankomst.
  • Om du trur du kan vere definert som nærkontakt men ikkje er heilt sikker: Gå ut frå at du er nærkontakt, og følg det som gjeld for nærkontakter.

Reglar for nærkontakter over 12 år:

  • Uvaksinerte over 12 år bør ta ein koronatest så snart som råd etter at ein har fått beskjed om at ein er nærkontakt. Uvaksinerte bør følge godt med om ein får symptom på covid-19, og ha låg terskel for å bestille ein ny test dersom ein får symptom dei første 10 dagane etter nærkontakta.

  • Fullvaksinerte treng ikkje ta koronatest dersom ein ikkje har symptom. Ein bør følge godt med om ein får symptom dei første 10 dagane etter nærkontakta, og ha låg terskel for å bestille test dersom ein får symptom.

  • For husstandsmedlem og tilsvarande nære gjeld eigne reglar.
     

Les meir her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/narkontakter-og-isolering/

 

Reglar for barn under 12 år:

Barn treng ikkje lenger ta test dersom dei har vore i nærkontakt med nokon med påvist covid-19. Føresette bør følge godt med dersom barnet får symptom dei første 10 dagane etter nærkontakta, og dersom barnet får symptom, bør ein ha låg terskel for å bestille test.

Les meir her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/narkontakter-og-isolering/

Testtelefon: 700 58 960
Koronatelefon: 815 55 015
Vaksinetelefon:  700 58 965
Følg oss her: Facebook - Ørsta kommune
Koronasituasjonen: Siste nytt frå kommunen