Bestill time til koronatest

Alle som har symptom på Covid-19 bør testast.

 

Timebestilling

Alle som skal testast MÅ ha avtale. 

Bestill time til koronatest på nett

Bestill time til koronatest på telefon700 58 960 
Telefonen er open måndag-fredag kl.09 - 14.

 

Usikker på om du bør teste deg?

Ta Helsenorge sin koronasjekk. Etter du har svart på nokre spørsmål vil du få kortfatta og tilpassa råd til din situasjon.

FHI har laga flytskjema for å hjelpe deg i vurderinga på om ein bør teste seg. Sjå flytskjema frå FHI: 

Det er låg terskel for å ta kontakt med teststasjonen på 700 58 960 om du er usikker på om du eller barnet ditt burde testast. Dersom barnet ditt er sjukt og treng legevurdering i tillegg, ta kontakt med legesenteret på 700 48 050.

 

Oppmøtestad

Teststasjonen er i Langemyra 3 i Hovdebygda. Lokalet er i same bygg som Glasverkstaden, rett ved trafikkstasjonen. Sving av frå hovudvegen inn mot flyplassen og følg skilt mot teststasjonen. Det er felles interkommunal teststasjon i samarbeid med Volda kommune.

Du skal ikkje nytte kollektivtransport eller taxi når du har symptom. Dersom du ikkje har bil eller har vanskar med å kome på teststasjonen i Hovdebygda, finn vi ei anna løysing for deg. Ta kontakt og vi gjer avtale om kvar du kan få tatt testen. 

 

Greitt å vite før du kjem til teststasjonen

  • Ta med eit papirtørkle, det er vanleg å nyse etter å ha blitt testa.
  • Følg skilta og still deg i bilkøa, bli sitjande i bilen.
  • Testing føregår medan du sit i bilen.
  • Om du kjem til fots eller med sykkel skal du stille deg i kø saman med bilane. 
  • Ver førebudd på litt ventetid. 
  • Møte presis og ikkje for lang tid før din time. 

 

Til deg som ventar på prøvesvar

Det er viktig at alle held seg heime til dei har fått svar om negativ koronatest OG har god almenntilstand. Du skal ikkje gå på arbeid eller skule, du skal ikkje ta offentleg transport eller oppsøke offentlege stadar. Dine husstandmedlemar treng ikkje å vere i karantene. Ved negativ test an du gå tilbake til arbeid eller skule når du er i god allmenntilstand. Det vil seie at du er feberfri og kjenner deg frisk. Er du i karantene gjeld karantenetida uansett kva testresultatet viser.

Du får varsel på SMS eller e-post når prøvesvaret ditt er klart. For å få telefon- eller epostvarsel, må du ha oppretta ein brukarkonto på helsenorge.no.

Sjekk prøvesvaret på nett

Viss du ikkje finn prøvesvaret på helsenorge.no, så ring teststasjonen.

Kontakt

Testtelefon Korona (mån-fre: 09.00-14.00)
700 58 960

Nyhende