AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Retningslinjer for besøk på sjukeheimar (09.04.2021)

Klikk for stort bilete
Desse retningslinjene gjeld ved Ørstaheimen, Vartdal Helsetun og Hjørundfjordheimen. Retningslinjene vart oppdaterte 27. mars. 

Ørstaheimen frå 9. april

Ein tilsett på Buavdelinga har testa positivt for Covid-19, 07.04.21.
Bebuarane på Buavdelinga er i karantene og avdelinga kjem til å vere stengt til slutten av neste veke.

Ut frå smittesituasjonen i bygda ønsker me så få besøk som råd på institusjon i helga. Ved spesielle behov, vil me så sant det er forsvarleg legge til rette for besøk på andre avdelingar enn Buavdelinga som har smitte.

Råda gjeld også Vartdal helsetun og Hjørundfjordheimen.

 

Oppdatering i besøkretningslinjer i perioden 26.03.21 - 14.04.2021

Vi ynskjer i tråd med dei generelle nasjonale råda å redusera tal på besøkande fram til 14.04.

Alle kan ha besøk av 1-2 faste personar, om fleire nære pårørande ynskjer å kome på besøk, kan ein legge til rette for at nokre få til kan få kome.

Pårørande som i jobbsituasjon eller fritid, har kontakt med mange, bør dei halda 2 m avstand og gjerne bruke munnbind.

FHI råda til å ikkje ha overnattingsbesøk frå andre husstandar i denne påska. Vaksne barn/barnebarn som bur åleine kan kome på besøk til foreldre. Vi ynskjer ikkje at desse tilreisande barn/barnebarna skal komme på besøk på institusjon denne gangen. Dei som likevel vel å samla storfamilien/fleire husstandar, ynskjer vi vurdera sterkt å utsetje alle besøk på institusjon til etter påske.

Besøkande frå andre kommunar enn heilt lokalt, må særleg vurdera om det er forsvarleg at dei kjem og sjå kva retningslinjer som gjeld i si kommune. Ein råda då til bruk av munnbind.

Besøk til heimen eller biltur kan som før vurderast individuelt, men vi ynskjer ikkje det skal vere for å møte storfamilien med barn, barnebarn/oldebarn frå ulike husstandar.

 

Les dei utfyllande retningslinjene her:

Utfyllande retningslinjer for besøk på sjukeheimane

Det er leiinga i samarbeid med kommuneoverlege som fortløpande vurderer dei smitteførebyggande tiltak utifrå smittesituasjon. Desse retningslinjene kan difor endre seg dersom smittesituasjonen endrar seg.
 

Dette må du hugse når du skal på besøk på sjukeheimen:

  • Besøk avtalast med avdelingsleiar, avtale kan gjerast same dag unntatt for helg då må det avtalast seinast fredag. Avtale må gjerast mellom kl. 10.00 - 14.30.
  • Besøk skal fortrinnsvis føregå mellom kl. 11.00 - 18.30. Besøkslengd inne og ute bør avgrensast til 1 time.
  • Du må vere frisk når du kjem
  • Ha god handhygiene
  • Unngå å klemme
  • Hald ein meters avstand
  • Bebuaren bør ha få på besøk om gongen

Dersom du etter besøket får påvist Covid-19 smitte eller vert definert som nærkontakt til smitta er du pliktig til å melde frå til institusjonen om dette.

 

Mvh

Linda Gramshaug Fonseca
Sjukeheimslege

Marte Vaage Øie
Kommuneoverlege

Kontakt

Ingrid Mork Einingsleiar Solkroken
70048842
@ Ingrid Mork
Dagrun Opsal Einingsleiar korttidsavdeling
70048822
@ Dagrun Opsal
Kyrre Skavøy Einingsleiar Bakketun
70048832
@ Kyrre Skavøy
Lisa Mari Korsfur Silseth Einingsleiar Buavdelinga
70048862
Vartdal helsetun hovudnummer
700 45 000
Hjørundfjordheimen hovudnummer
70045750