AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Koronastønad til bedrifter - Tilleggsmidlar og utsett frist

Illustrasjonsfoto: Frederica Aban / iStock - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Frederica Aban / iStock  

Er di verksemd hardt råka av pålagte smitteverntiltak grunna korona? Eller arbeider verksemda med omstilling for å takle korona-verknader?

I så fall kan verksemda søke om koronastønad. I februar løyvde Stortinget midlar for å kompensere lokale verksemder som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak. Ørsta kommune er tildelt kr 922.000 for å kompensere lokale verksemder. 

I april fekk Ørsta kommune ytterlegare kr 629.000 i ekstramidlar til same formål. Fristen er derfor forlenga, og søknader frå første og andre runde blir handsama under eitt. Søkte du på ordninga i første runde med frist 30.mars, treng du ikkje søke på nytt med mindre du vil legge fram ny informasjon.

NY søknadsfrist: 7. mai 2021

 

Formål

Avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

 

Kriterium

Søknad/tildeling vil bli vurdert utifrå følgande punkt:

  • Ekstraløyvinga i april har dei same føringane som første runde, men er først og fremst retta mot verksemder innan overnatting og servering.
  • Verksemda er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Det blir lagt spesiell vekt på negative verknader etter innføring av skjerpa smittevernreglar etter nyttår (1.1.2021) som har påført ekstra kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og evt nedstenging. Også langtidseffektar etter innførte smitteverntiltak i 2020 kan bli vurdert. Du må kunne dokumentere eller vise til omsetjingsfall/tap av inntekter.
  • Verksemda kan dokumentere at verksemda fell heilt eller delvis utanfor dei sentrale/generelle støtteordningane for korona-kompensasjon.
  • Verksemder innan reiseliv, arrangement og service er spesielt aktuelle i tråd med sentrale føringar, men også andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Ørsta kommune vil også vurdere støtte til omstillingstiltak som har utgangspunkt i at verksemda er råka av korona-situasjonen, og har sett i verk eller planlegg omstillingstiltak for å trygge arbeidsplassar.

 

Søknad

Skriv ein kortfatta søknad som inneheld:

  • Kontaktinformasjon til verksemda inkl. org.nr. og kontonr.
  • Kva søknaden gjeld
  • Bakgrunnen for at verksemda søker, tal tilsette
  • Legg ved dokumentasjon på inntektssvikt/omsetjingstap så langt dette let seg gjere, og ev. estimerte kostnader over omstillingstiltak.
  • Verksemda må oppgje anna offentleg stønad mottatt i 2019, 2020 og 2021.

Søknad må innehalde all vesentleg informasjon, men likevel vere så kort og konkret som mogleg.

Søknad skal sendast til Ørsta Næringskontor på e-post: omv@orsta-nk.no.

Samla ramme vil bli fordelt på søkarane utifrå informasjon og dokumentasjon saman med skjønsmessige vurderingar etter dialog med kvar bedrift. Dialogen med søkjar skjer gjennom Ørsta Næringskontor. Vurdering og søknad blir lagt fram for formannskapet for vedtak. NY søknadsfrist er 7. mai.

Stønad reknast i utgangspunktet som bagatellmessig stønad, og slike tilskot reknast ikkje som offentleg stønad. Tilskotet må då følgje regelverket for bagatellmessig stønad. Det viktigaste kravet er at verksemda må oppgje anna offentleg stønad føretaket har mottatt i 2019, 2020 og 2021, og at samla støtte er under EUR 200.000 over tre rekneskapsår.

 

Rapportering

Mottakar skal levere ein enkel rapport som omtaler bruken av midlane seinast 6 mnd etter mottak av informasjon om støtte/tilsegnsbrev.

Ørsta kommune og Kommunal-/moderniseringsdepartementet kan be om innsyn og kontroll med at støtta blir nytta i tråd med søknad og intensjonen i ordninga.

 

Meir informasjon

Ta gjerne kontakt før du søker. 

Odd Magne Vinjevoll
Ørsta Næringskontor

Les meir om kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder på heimesida til Kommunal-og moderniseringsdepartementet.

Sentral info om tilleggsløyvinga: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/nye-750-millioner-i-koronastotte-til-naringslivet/id2843940/

Kontakt

Per Ivar Lied prosjektleiar
@ Per Ivar Lied
Odd Magne Vinjevoll Ørsta Næringskontor
90615145
@ Odd Magne Vinjevoll