Informasjonsmøte beredskapsrådet i Ørsta

Møte i beredskapsrådet 29.10.20

 

Torsdag 29.oktober heldt beredskapsrådet i Ørsta møte på Røde Kors huset.

Beredskapsrådet er ein arena for informasjon og møtast kvar 2-4. år. Beredskapsrådet er samansett av kriseleiinga i kommunen, andre beredskapsressursar i kommunen, og naturlege samarbeidspartar i beredskapsspørsmål; Røde Kors, Mørenett, politi, Sivilforsvaret, sokneprest, NAV, Heimevern og Statens Vegvesen/MRFylke

Det er tre år sidan førre møte i beredskapsrådet. Hovudformålet med møtet var å bli betre kjent og utveksle informasjon. På agendaen stod koronainformasjon og informasjonsrunde frå beredskapsaktørane. Kommuneoverlegen orienterte om utviklinga av koronapandiemien, status og handtering i kommunen.

Dei to siste store sakene i Ørsta, søk etter Maja Herner og koronapandemien, syner at vi har god beredskap og er godt budde for kriser, men det er alltid rom for å bli betre, uttalte Ordførar Stein Aam.