Oppdatert 04.01.19: Info om mobilnettet Hjørundfjorden og Norangsfjorden

Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete

Her får de ei statusoppdatering for både mobilnett og straumbrot i Hjørundfjorden og Norangsfjorden:

Oppdatering 4. januar: 

Telenor arbeider enno med feilretting etter fleire linebrot i Bondalen og på Sæbø. Eltel jobbar med linebrotet i Bjørdalsbakken og opplyser at feilen skal vere retta innan kl. 16.00 i dag.  

 

Meir om beredskap

 


Mobilnettet Hjørundfjorden

3. januar kl 12.00 melder kommunen om at mobilnettet framleis er nede for Sæbø og elles i Hjørundfjorden. Fasttelefon og internett skal vere på plass. IKT- leiar i Ørsta kommune vår snakka med Eltel, som har funne brot på ledning. Det er meldt om at det vil ta nokre timar til før det er ordna.

Grunnen til at Sæbø og Hjørundfjorden har vore utan mobil og datasamband er at vinden 1. nyttårsdag forårsaka brot på Telenor sin fiber på Stokke i Bondalen. Fleire av stolpane som fiberen heng i var knekt av vinden. Telia har basestasjon på Nes ved Trandal, og det er difor mobildekning nokre stadar. Tussa leiger fiber med Telenor, så når denne er nede har Tussa problem med å levere våre datasamband til området.

 

Straumbrot for Øye/Urke/Norang/Skylstad

Norangsfjorden var utan straum igjen i går kveld, men denne var tilbake 01.30 i natt. Mobilnettet her er framleis ute, men naudnettet er i orden og har vore det heile tida. 

Når mobilnettet er ute, har Brannformann Ronny Norangshol hatt naudnettradioen med seg til ei kvar tid. Han har straumaggregat og kan lade det tekniske utstyret sjølv. Med naudnettradio kan han kommunisere med vaktsentralane 110-112-113. Kommunen har også kommunisert med han og testa sambandet fleire gongar både i går og i dag - dette fungerar godt. (Dette var einaste sambandet  ut av desse bygdene i fleire timar).

Fann du det du lette etter?