Oppdatert 02.01: Bebuarane kan no flytte heim

Klikk for stort bilete Kommunekart.com


Etter ras i Årsetdalen på Vartdal, har 5 husstandar blitt evakuerte nyttårsaftan. Det er ingen personar i området og husa er ikkje i umiddelbar nærleik til raset. Området vert likevell sett på som utrygt, fram til det er vurdert av geolog. Alle dei evakuerte har sjølv ordna med alternativ overnatting.

Politiet fekk melding 11.43 og har saman med Statens vegvesen og kommunalteknisk vakt vore på staden. Kriseleiing er sett, og kommunen er i kontakt med NVE og fylkesmannen si beredskapsavdeling. Geolog er kontakta, og ein håper på å få gjennomført ei fagleg vurdering i løpet av morgondagen.

 

Oppdatering 01.01.19:

Geolog har vore på staden og gjort ei førebels vurdering av situasjonen. Konklusjonen er at det framleis er utrygt å flytte attende til fire av dei fem husa som vart evakuert nyttårsaftan. Massebassenget som skal ta av for skred, må reinskast for det meste av skredmassen som kom, før det er trygt å flytte attende. Gravearbeidet startar 1.januar, og vert truleg ferdig 2. januar.  Politiet har difor bestemt å vidareføre evakueringa for fire av fem bustadhus til 2. januar. 

 

Oppdatering 02.01.19:

Det har vore arbeidd med å reinske ut massebassenget på Årset, som vart fylt opp av skredmasser nyttårsaftan - og som førte til at fem hus måtte evakuerast. 

Det er no fjerna så mykje masse at dei geologiske vurderingane om kva som skal til for å trygge husa nedanfor er tilfredstilt. 

Politiet har, i samråd med Ørsta kommune, difor bestemt å oppheve evakueringa av dei fire siste husa frå kl. 17.30 onsdag 2. januar. Bebuarane er varsla om at det no er trygt å flytte heim. 

Arbeidet med å tøme massebassenget heilt vil halde fram torsdag, ettersom det er meldt meir nedbør på fredag. 

Ørsta kommune har teke kontakt med NVE med tanke på ei synfaring av massebassenget og terrenget på Årset. Føremålet er å ta stilling til om det er behov for forbetringar eller andre løysingar for sikring av husa.     

 

Meir om beredskap

 

Viktige telefonnummer: 

BRANN
POLITI
AMBULANSE

LEGEVAKT
TEKNISK VAKT
BRANNVAKT

110
112
113

116 117
900 49 760
911 22 820



 
Fann du det du lette etter?