Barnehageplass

Kommunen har samordna opptak med felles søknadsfrist og søknadsskjema. Alle som ynskjer barnehageplass frå 1. august 2022 må søkje om plass. Søknadsfrist 1. mars


Søknader som kjem inn etter søknadsfristen vert handsama i supplerande opptak. Søknader kan sendast inn også utanom hovudopptaket. Dersom det vert ledige plassar i løpet av barnehageåret, vert desse tildelt born som står på venteliste.

Du må logge inn på oppvekstportalen med ID-porten for å:

  • Endre/fjerne ein søknad
  • Følge saksgangen til søknaden
  • Svare på tilbod om plass
  • Seie opp ein eksisterande plass
  • Søkje om å endre eksisterande plass/opphaldstid
 

Meir om barnehageplass:

Målgruppe

Barn 0 - 5 år som er busett i kommunen.

Barn 0 - 5 år som kjem flyttande til kommunen i inneverande år.

Ny søknad om plass i barnehage

Hovudopptaket har søknadsfrist: 1. mars
Alle som har søkt innan fristen og som har rett på plass, vil få svar innan utgangen av mars. 

Dersom du er folkeregistrert i Ørsta kommune er det viktig at du loggar deg inn før du søkjer om plass i barnehage/SFO. Dette for å kontrollere at opplysningane som er registrert på deg og din familie er rette, og for å kunne legge til rette kontaktinformasjon ( telefon og e-post)


Dersom du ikkje kan logge deg inn ved bruk av ID-porten (dvs. dersom du ikkje har norsk personnummer eller dersom du ikkje er folkeregistrert i Ørsta kommune) kan du søkje utan å vere innlogga.
 

Vedlegg

For å kunne handsame søknader på særskilde vilkår, må eventuelle vedlegg/tilråding frå ekstern sakkunnig sendast til seksjon barnehage, rådhuset innan 1. mars.

Alle opplysningar vert handsama konfidensielt, jf. forvaltningslova §13.

 

Søknad om overflytting til annan barnehage/ endra plasstype

Søknadfrist: 15. februar (gjeld dei som har plass)

Alle som ynskjer overflytting til annan barnehage må sende inn ny søknad i oppvekstportalen. Dersom søknaden vert imøtekomen, vil eksisterande tilbod bli sletta. Nytt tilbod ved overflytting er bindande.

Alle som ynskjer endra opphaldstid/plasstype må logge inn i oppvekstportalen med ID-porten og gå til fana "mi side"/"plasseringane mine" og søkje om endra plasstype.

Endringar vert gjort før hovudopptaket og søkjarane får svar innan 1. mars.
 

Vedlegg

For å kunne handsame søknader på særskilde vilkår, må eventuelle vedlegg/tilråding frå ekstern sakkunnig sendast til seksjon barnehage, rådhuset innan 1. mars.

Alle opplysningar vert handsama konfidensielt, jf. forvaltningslova §13.

Rett til barnehageplass 

I 2017 fekk alle barn som fyller eitt år innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass, rett til plass. Dersom retten skal gjelde, må ein søkje innan fristen til hovudopptak 1.mars.

Kommunen har oppfylt retten til barnehageplass etter § 12a når søkjar får eit av desse punkta oppfylt:

1. første ynskje oppfylt

2. andre ynskje oppfylt

3. tilbod i annan barnehage, men som likevel er i samsvar med § 12a


Søkjarar som ikkje har fått første ynskje oppfylt har rett til å stå på venteliste til denne barnehagen, uansett aksept av plass eller ikkje i anna barnehage.

Born som fyller 1 år i september, oktober eller november har rett til å starte i barnehage den månaden dei fyller 1 år, utan krav om foreldrebetaling frå august

Opptakskriterium

Følgjande prioritering gjeld ved hovudopptak av barn i barnehage:

  1. Barn med nedsett funksjonsevne skal ha prioritet ved opptak jf. Barnehagelova §13.
  2. Barn som det er fatta vedtak om etter Lov om barnevern §§ 4-12 og 4-4 andre til fjerde  ledd skal ha prioritet ved opptak jf. Barnehagelova § 13.

    Til punkt 1 og 2 må det ligge ved ei vurdering/tilråding frå ekstern sakkunnig (t.d. lege, barnevernsteneste, PPT).
     
  3. Det må ved opptak takast omsyn til alder og kjønnssamansetning og til mengda av dokumenterte behov i barnegruppa slik at ein kan få ei barnegruppe som gir høve for individuell utvikling og gjensidig stimulering for alle barna i gruppa.
  4. Barn som har eitt år igjen til skulestart.
  5. Barn som går i barnehage og ynskjer endra plass i same barnehage
  6. Barn som går i barnehage og ynskjer overflytting til annan barnehage.
  7. Barn som har søsken i barnehagen og som har rett til plass etter barnehagelova.
  8. Barn som av andre grunnar treng barnehageplass.
Redusert foreldrebetaling / gratis kjernetid

Det er ingen frist for å søkje, men om ein vil vere sikker på å få handsama søknaden sin innan august, må ein søkje innan 1. juni. Søknad om redusert foreldrebetaling gjeld for eit barnehageår frå. 1. august til 31. juli.  

 

Meir om redusert foreldrebetaling

Klagerett

Klagefristen er 3 veker. Klaga vert handsama av seksjonsleiar barnehage.
Klaga skal stilast til Seksjon Barnehage, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.

Opprettheld seksjonsleiar barnehage vedtaket, vert saka handsama i Formannskapet som klagenemnd for klientsaker og barnehageopptak for endeleg avgjerd.

Seie opp barnehageplass

For å seie opp eksisterande plass må du logge inn på Oppvekstportalen med ID-porten. 

Oppseiingstida i kommunale barnehagar er ein månad frå den 1. i fylgjande månad.
Oppseiingstida i private barnehagar er to månader frå den 1. i fylgjande månad.
Jf. vedtektene.

Rettleiing

Dersom du treng hjelp til å legge inn søknad kan du ta kontakt med servicekontoret i kommunen tlf. 700 49 700

Kontakt

Reidun Mo rådgjevar barnehage
47641489
@ Reidun Mo
Hildegunn Rebbestad Olsen personalkonsulent / konsulent barnehage
90693121
@ Hildegunn Rebbestad Olsen