Reduksjon i foreldrebetaling

barn og familie.jpg - Klikk for stort bilete

Lov om barnehagar og forskrift om foreldrebetaling i barnehagen avgjer foreldrebetalinga i barnehagen. Foreldre med barn i barnehagen skal ikkje betale meir enn makspris for ein barnehageplass.

Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som skal handsame søknad om reduksjon og gratis kjernetid.

 Søknad om redusert foreldrebetaling finn du her

Søknadsfrist
Det er ingen frist for å søke, men vedtak gjeld for eit barnehageår i gongen. Vedtak gjeld frå første heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert. 

 

Moderasjonsordningar ved fleire barn eller lav inntekt

  • søskenmoderasjon
  • redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt
  • redusert kjernetid for 3- , 4- og 5-åringer 


Søskenmoderasjon

Har du meir enn eit barn i barnehage i same kommune, har du rett på søskenmoderasjon.​

Retten til søskenmoderasjon gjeld uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar, eller i barnehagar med forskjellige eigarar.

Reduksjon for det andre barnet er minimum 30 prosent, og for det tredje barnet og oppover er det 50 prosent reduksjon.


Gradert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt

Frå 1. mai 2015 skal ingen hushald betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. Foreldrebetalinga er også avgrensa av maksimalprisen, som i 2018 er 2 910 kroner per månad. Det er hushaldet si brutto inntekt som vert lagt til grunn. Skattefrie inntekter skal ikkje inkluderast. Ordninga gjeld for familiar eller hushald som har ei samla inntekt på mindre enn 533 500 kroner. 

Som eit hushald reknar ein ektefelle, registrerte partnarar og sambuarar.  Sambuarar er to ugifte personar over 18 år som bur i lag, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av de siste 18 månadane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert. 


Gratis kjernetid.

Frå 1. august 2016 har alle 3-, 4- og 5-åringer, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med lav inntekt rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. 

Frå 1.august 2018 er inntektsgrensa 533 500 

Meir informasjon om ordninga finn du på Utdanningsdirektoratets heimesider.


Krav til dokumentasjon

Sjølvmeldinga er det sentrale dokumentet til søknaden. Dersom denne ikkje kan leggast fram, kan søkar legge fram anna gyldig dokumentasjon:

  • Vedtak fra NAV
  • Dokumentasjon frå arbeidsgiver som viser vesentlig endring i lønn
     

Handsaming

Søknadar vert handsama etterkvart med vedtak som gjeld frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet. Dokumentasjon må då vere levert i lag med søknad. Søknad utan dokumentasjon vert ikkje handsama.

Søknaden varer for eit barnehageår (1/8-31/7) om gangen. Ordninga gjeld både kommunale og private barnehagar.

Fant du det du lette etter?