Svangerskap og fødsel

Svangerskapsomsorg er ein del av Ørsta kommune sitt førebyggjande helsearbeid.

Den gravide kan velje om ho vil fylgjast opp av lege eller jordmor, eller ein kombinasjon av begge. Fystegongskonsultasjonen er på 1 time og dei andre kontrollane varer oftast ein halv time.
Svangerskapskontrollane er gratis.  

Jordmortenesta i Ørsta kommune gjev dette tilbodet:
- Informasjon og rettleiing om livsstil og helse i svangerskapet.
- Tilbod om ultralyd i veke 18-20 (ved Volda sjukehus). Denne vert bestilt ved fyrste kontroll.
- Kontroll av m.a. blodtrykk, urin og vekt.
- Førebuing til fødsel, barseltid og foreldrerolle.
- Henvising til føde pol./avdeling ved behov.
- Samtale om tankar og tema som opptek den gravide og evt. hennar partnar.
- Prevensjonsveiledning.
- Etterkontroll etter fødsel.
- Foreldreførebuande kurs.

 
Time hjå jordmor kan tingast på helsestasjonen, tlf. 700 49 860. 

 

Sist endra 01.06.2016
Fann du det du lette etter?