Helsestasjon for ungdom

Ørsta og Volda kommune har felles helsestasjon for ungdom, og held til i  kjellaren på rådhuset i Volda. 
Det er ope tysdagar 15.00 - 16.30. Det er ingen timebestilling og tenesta er gratis. Telefon 70 05 88 20.

Her kan du få hjelp med ulike problem knytta til fysisk og psykisk helse som t.d. prevensjon, klamydiatesting, depresjon, angst, rusproblem, spiseforstyrringar, smerter, kriser, menstruasjonsplager, seksuelle vanskar m.m.

På helsestasjonen kan ein få snakke med helsesøster, jordmor, lege og psykolog. Alle har teieplikt.

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 17.02.2015
Fann du det du lette etter?