Teststasjonen har 1-års jubileum i dag

Under utbrotet som var i månadsskiftet juli/august 2021 var det lang kø ved korona-teststasjonen. Kømønsteret vart lagt om rett etter at dette bildet vart tatt.14. september 2021 er det akkurat eitt år sidan vi hadde første dag med testing på teststasjonen i Hovdebygda.

Få hadde trudd at vi skulle halde på med dette så lenge for eit år sidan, men no ser det ut som vi må halde på ei stund til framover. Testing er ikkje noko folk synest er kjekt, men vi gjer det vi kan for at det skal vere så enkelt som mogleg for folk å teste seg og få raske svar.

Prøvene våre blir analysert i Molde og der er det stort sett god kapasitet. Vi transporterer prøvene som er tatt før lunsj med eigen bil til Molde, og desse kan oftast få svar same kveld. Prøvene som blir tatt etter lunsj køyrer med sjukehustransporten på ettermiddagen og svartida blir då litt lengre, som oftast dagen etterpå.

Svartida vår avheng av kva tid dei mottek prøvene frå oss, kapasiteten på laboratoriet og kor mange prøver dei får frå dei andre kommunane dei analyserer for.

På biletet f.v.: Aurora Topphol Midtflø, lege, Johanne Halse Ressem, lege ved teststasjonen, Stein Aam, ordførar i Ørsta, Sølvi Dimmen, ordførar i Volda og Marte vaage Øie, kommuneoverlege i Ørsta. Bente Engeseth  

Velfortent kake, kaffi og brus Bente Engeseth  

 

Testpersonell på teststasjonen i Hovdebygda - Klikk for stort bileteTestpersonell på teststasjonen i Hovdebygda. 

Følg oss