Ta praten om feriedrikking i sommar

Lars Olav Dybvig

1 av 3 i Ørsta har sett alkoholpåverka vaksne saman med barn i sommarferien. No oppfordrar kommunen innbyggjarane til å snakke saman om alkohol og om kva som er greitt og ikkje når barna er med.

– For barna er sommarferien eit av dei store høgdepunkta i året. Då er det viktig at vi vaksne er medvitne på kva slags ferieminne vi gir dei, og at vi passar på at alkoholen ikkje får for stor plass, seier Av-og-til-koordinator og folkehelsekoordinator Ingvild Endal i Ørsta kommune.
 

For mykje alkohol gjer barna utrygge

Alkohol pregar dessverre sommarferien til mange barn, også i Ørsta. Det kjem fram i ei undersøking som Ipsos har gjennomført for alkovettorganisasjonen Av-og-til. Her svarar 35 prosent av innbyggjarane at dei har sett alkoholpåverka vaksne saman med barn i sommarferien.

Ragnhild Kaski er generalsekretær i Av-og-til. Ho ber vaksne om å ta barneperspektivet i sommar:

– Barn merkar raskt at vaksne endrar seg. Når vi drikk alkohol, kan det vere vanskeleg å oppdage når det går frå å vere triveleg til å bli ubehageleg for dei små. Ein god hugseregel er at barna blir påverka før dei vaksne, seier ho.
 

Bli einige på førehand

I ferien er ein ofte meir saman med venner, besteforeldre og annan familie. Det kan by på utfordringar dersom ein ikkje er førebudd.

– Mange blir nok overraska over kor ulikt ein tenkjer rundt alkohol og barn. Men det som er felles for alle barn, er at dei treng trygge vaksne rundt seg. Derfor oppmodar vi til å ta praten no før ferien, seier ho.
 

Gode råd for ein barnevenleg sommar

Når det er ferie og kveldane blir lysare, sit barna ofte lenger oppe saman med dei vaksne.

Kommunen oppmodar om å vere den trygge vaksenpersonen barna treng, og om å ta med råda under inn i sommarferien:

  1. Drikk null, eitt eller maks to glas når du er saman med barn.
  2. Ha flest dagar utan alkohol – sjølv om du har fri.
  3. Bli einig med andre vaksne om nokre reglar for alkoholbruk når det er barn til stades.
  4. Det blir kjekkare for både deg og barna når du er i god form neste dag.
  5. Ver spesielt medviten dersom de skal reise bort – barn kan ha eit ekstra behov for trygge vaksne i eit ukjent miljø.
  6. Hugs at barn blir påverka før du blir det.

 

Om undersøkinga:*

Ipsos har på vegner av Av-og-til gjennomført ei undersøking på web og per post med til saman nesten 6000 intervju i perioden januar–mars 2024, og tilsvarande i 2023. Det er i underkant av 3000 intervju på landsbasis og totalt ca. 3000 intervju i utvalde Av-og-til-kommunar. 91 respondentar frå Ørsta kommune.

Har du nokon gong dei siste to åra sett alkoholpåverka vaksne saman med barn i sommarferien?ØrstaLandssnitt
Ja35 %40 %

 

Ingvild Endal og Ragnhild Kaski. Kai Chen / Chen Media

Kontakt

Ragnhild Kaski, generalsekretær i Av-og-til
Telefon: 411 01 621
E-post: ragnhild@avogtil.no

Ingvild Endal, folkehelsekoordinator og Av-og-til-koordinator i Ørsta kommune
Telefon: 917 65 389
E-post: ingvild.endal@orsta.kommune.no

 

Av-og-til-samarbeidet

Ørsta kommune har vore Av-og-til-kommune sidan 2017. Alkohol er det rusmiddelet som fører til mest helseskade i Noreg, og ifølgje Folkehelseinstituttet opplever 90 000 barn at mamma eller pappa drikk for mykje alkohol. Det svarer til nesten eitt av ti barn. Vi jobbar saman med Av-og-til for å førebyggje og redusere alkoholskadar og for å gjere kvardagen tryggare for alle som bur i kommunen.

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal

Følg oss