AKTUELT NO:

Val 2021Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Stortings- og sametingsvalet 2021

Val_banner

I Ørsta er vi i full gang med å planlegge for valet til hausten. Allereie frå 1. juli startar tidlegrøystinga før vi sluttar med det som er høgdepunktet for mange, valdagen 13. september.

Valkortet blir digitalt

Klikk for stort bileteDigitalt valkort Valdirektoratet Å få valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har røysterett ved valet. På valkortet står det også kva valkrets du tilhøyrer slik at det er enkelt for deg å vite kor du skal røyste på sjølve valdagen.

I år blir valkortet digitalt.
Dei som har reservert seg mot digital post frå det offentlege, vil få valkortet tilsendt på papir i posten.

Det er ikkje eit krav at du som veljar har med deg valkortet, men det gjer det enklare og raskare for valfunksjonærane å finne deg i manntalet, og det lettar registreringa.

Dersom du ikkje har med valkort får du likevel røyste.

Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

 

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto Oslo kommune/Sturlason

Her kan du røyste: 

    Søndag 12. september: 

    • Ørstahallen: 13.00 - 18.00

    Valdagen måndag 13. september: 

    • Ørstahallen: 08.00 - 21.00
    • Dalane skule: 14.00 - 20.00
    • Hovden skule: 14.00 - 20.00
    • Sæbø skule: 14.00 - 20.00
    • Vartdal skule: 14.00 - 20.00

     

    Tidleg- og førehandsrøysting

    Valstyret har vedteke at tidlegrøystinga vil gå føre seg på Ørsta rådhus i perioden 01.juli - 09.august 2021 og førehandsrøystinga i Vikegata 9 i perioda 10. august - 10 september 2021

    Tidlegrøysting på rådhuset i Ørsta/servicekontoret 1. juli - 9. august.

    Opningstider servicekontoret:

    Veke 26 - 28: måndag - fredag 09.00 - 15.00

    Veke 29: måndag - fredag 10.00 - 15.00

    Veke 30 og 31: måndag, onsdag og fredag 09.00 - 15.00,  tysdag og torsdag stengt.

    Førehandsrøysting i Vikegata 9 -  10. august - 10. september.

    Opningstider Vikegata 9:

    • måndag - fredag 10.00 - 15.30
    • laurdag 28. august 10.00 - 14.00
    • tysdag 31. august 10.00 - 18.00
    • laurdag 4. september 10.00 - 14.00
    • torsdag 9. september 10.00 - 18.00

       

       

    Det vert óg lagt til rette for førehandsrøysting ved institusjonane og Norangsfjorden:

    • Vartdal helsetun: 23. august kl 11.00 - 12.00
    • Hjørundfjordheimen: 24.august kl 10.00 - 11.30
    • Ørstaheimen: 25.august kl 10.30 - 12.00
    • Bakk-Ola marka: 3.september kl 11.00 - 12.00
    • Norangsfjorden: 8. september kl 15.30 - 18.15

    For veljarar som er i karantene vert det tilbod om å røyste på eigen oppmøteplass i sentrum, og heime for dei som er i isolasjon. Er du i karantene, men ikkje har høve til å ta deg til vallokale utan å bryte smittevernreglane, kan du søke om å få røyste heime.

    Ofte stilte spørsmål:

     

    Har eg røysterett?

    Du har røysterett dersom du er:

    • Norsk statsborgar
    • Har fylt 18 år innan utgangen av 2021 (født i 2003)
    • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg

    Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet. 

    Står eg i manntalet?

    Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet.

    Veljarar busett i Noreg førast automatisk inn i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret.

    Flyttar du til ein annan kommune etter 30. juni, er du fortsatt registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå sjølv om du melder flytting.
    Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på servicekontoret på Ørsta rådhus, Biblioteket, Bellingen på Sæbø og Skipsen på Vartdal frå om lag 12. juli.

     

    Kva om eg bur i utlandet?

    Er du busett i utlandet, men har vert registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, førast du automatisk inn i manntalet i kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.

    Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søke di siste bustadskommune om å verte ført inn i manntalet. Dersom du ikkje nokon gong har vore folkeregisterført som busett i Noreg, skal du søke til Oslo kommune.


    Slik søkjer du om å bli innført i manntalet

    Du søkjer ved å skrive under på omslagskonvolutten som vert brukt ved førehandsrøystegjeving utanriks. Dersom du førehandsrøyster i Noreg eller ikkje brukar den nemnde omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Røystemottakar har eit skjema som du kan fylle ut samtidig som du avgir røysta di, eller du kan gjere det digitalt ved å fylle ut skjema for søknad om innføring i manntalet. Søknaden må innehalde ei erklæring om at du fortsatt er norsk statsborgar.

    Søknaden skal sendast til valstyret i den kommunen der du sist var registrert busett i Noreg. Søknaden må vere kome fram til valstyret innan 14. september kl. 17:00 for å kunne bli innvilga.

    Bruk eDialog for å sende inn søknad.

     

    Korleis sjekkar eg om eg er manntalsført?

    Du kan kontakte den kommunen du sist var registrert i. Alle kommunar i Noreg er pålagt å leggje ut eit såkalla utleggingsmanntal. Utleggingsmanntal er eit manntal som vert gjort offentleg tilgjengeleg der du som veljar har moglegheit til å kontrollere eigne opplysningar, og eventuelt sende inn klage dersom det er feil i manntalet.

    Vallister og kandidatar til stortingsvalet

    I Møre og Romsdal er det i år 18 parti som stiller liste til stortingsvalet.

    HER(PDF, 60 kB) kan du få oversikt over alle partia og kandidatane i fylket.


    Partia som stiller til val er: 

    1. Arbeidarpartiet

    2. Demokratene

    3. Folkeaksjonen nei til mer bompenger

    4. Framstegspartiet

    5. Helsepartiet

    6. Høgre

    7. Industri- og næringspartiet

    8. Kristeleg Folkeparti

    9. Partiet De Kristne

    10. Liberalistene

    11. Miljøpartiet De Grønne

    12. Pensjonistpartiet

    13. Partiet Sentrum

    14. Rødt

    15. Senterpartiet

    16. Sosialistisk Venstreparti

    17. Venstre

    18. Alliansen - Alternativ for Norge

    Det er også høve til å røyste blankt.


    Dersom du har spørsmål knytta til listene må du kontakte den aktuelle fylkeskommunen som valdistriktet tilhøyrer. 

    Kontaktinformasjon til Møre og Romsdal fylkeskommune finn du her, på heimesida deira.

    Må eg røyste i kommunen eg er busett i?

    På valdagen må du røyste i kommunen du er busett i. I førehandrøysteperioden kan du røyste i alle vallokale i heile landet.

    Kvar kan eg røyste og kor tid?

    I tidleg- og førehandsrøysteperioden (1. juli- 10. september) kan du røyste i alle vallokale i heile landet.

    I Ørsta kan du tidleg- og førehandsrøyste slik:

    Tidlegrøysting på rådhuset i Ørsta/servicekontoret 1. juli - 9. august.

    Opningstider servicekontoret:

    Veke 26 - 28: måndag - fredag 09.00 - 15.00

    Veke 29: måndag - fredag 10.00 - 15.00

    Veke 30 og 31: måndag, onsdag og fredag 09.00 - 15.00,  tysdag og torsdag stengt.

    Førehandsrøysting i Vikegata 9 -  10. august - 10. september.

    Opningstider Vikegata 9:

    • måndag - fredag 10.00 - 15.30
    • laurdag 28. august 10.00 - 14.00
    • tysdag 31. august 10.00 - 18.00
    • laurdag 4. september 10.00 - 14.00
    • torsdag 9. september 10.00 - 18.00

       

    Det vert óg lagt til rette for førehandsrøysting ved institusjonane og Norangsfjorden:

    • Vartdal helsetun: 23. august kl 11.00 - 12.00
    • Hjørundfjordheimen: 24.august kl 10.00 - 11.30
    • Ørstaheimen: 25.august kl 10.30 - 12.00
    • Bakk-Ola marka: 3.september kl 11.00 - 12.00
    • Norangsfjorden: 8. september kl 15.30 - 18.15

    Ørsta kommune har valting søndag 12. og måndag 13. september 2021:

    Søndag 12. september: 

    • Ørstahallen: 13.00 - 18.00

    Måndag 13. september: 

    • Ørstahallen: 08.00 - 21.00
    • Dalane skule: 14.00 - 20.00
    • Hovden skule: 14.00 - 20.00
    • Sæbø skule: 14.00 - 20.00
    • Vartdal skule: 14.00 - 20.00

    For veljarar som er i karantene vert det tilbod om å røyste på eigen oppmøteplass i sentrum, og heime for dei som er i isolasjon. Er du i karantene, men ikkje har høve til å ta deg til vallokale utan å bryte smittevernreglane, kan du søke om å få røyste heime. Kommunen må ha melding frå dei som må røyste heime innan kl. 10:00 valdagen.
     

    Legitimasjon

    Når du skal avgi di stemme, må du ha med legitimasjon. Det er ikke nok å ha med valkort, eller å oppgi namn og fødselsdato.

    Dersom du er ukjent for røystemottakaren i vallokalet må du legitimere deg. Dette er fordi det skal vere mogleg å kontrollere at du er den du utgir deg for å vere. Dersom det ikkje er mogleg å stadfeste dette, får du heller ikke avgitt di stemme. Andre personar i vallokalet kan heller ikkje gå god for din identitet. At du tar med deg legitimasjon når du skal røyste er difor viktig.

    Gyldig legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde. Det er også mogleg å bruke andre former for legitimasjon, men minstekravet er at det må innehalde namn, fødselsdato og bilde

     

    Unntak på institusjonar

    Det finst berre éin unntaksregel når det gjeld framvising av legitimasjon, og dette er for veljarar som oppheld seg på institusjonar som helse- og omsorgsinstitusjonar og fengsel. Her er det ikkje eit absolutt krav at veljaren må identifisere seg, fordi det kan vere tilfelle der veljar ikkje har legitimasjonspapir tilgjengeleg. I slike tilfelle kan ein tilsett ved institusjonen gå god for veljaren sin identitet. Det er då et vilkår at den tilsette kan legitimere seg.

    Kan eg gjere endringar på røystesetelen ved stortingsvalet?

    Røystesetelen til stortingsvalet er oransje. Antall kandidatar på røystesetelen vil variere mellom fylke, då partia og listene som stiller til val minimum må fylle på like mange kandidatar som representantar som skal veljast frå fylket. 

    Korleis gjere endringar på røystesetelen?

    Ved stortingsval kan du renummerere kandidatar. Altså, dersom du meiner at kandidat nr. 7 bør vere kandidat nr. 2, kan du endre dette på din røystesetel. Vidare kan du stryke kandidatar, dersom det er enkelte kandidatar du er ueinig i at står på lista.

    I motsetning til kommunestyre- og fylkestingsvalet er det ikkje høve til å gi personrøyst eller slengarrøyst.


    Eksempel på korleis du kan renummere kandidatar på røystesetelen:

    Klikk for stort bilete   

     

    Eksempel på korleis du kan stryke kandidatar frå røystesetelen:

    Klikk for stort bilete  

     

    Kva om veljar er manntalsført i eit anna fylke?

    Du kan førehandsrøyste i Ørsta sjølv om du er folkeregistrert som busett i eit anna fylke enn Møre og Romsdal. Røystemottakar vil då gi deg ein generell røystesetel med punktskrift. 

    Sokalla generelle røystesetlar skal brukast av blinde veljarar og veljarar som røyster utanfor eige fylke. Røystesetlane vert også brukt ved røystegiving utanriks, og kan brukast ved tidlegrøystinga fram til dei ordinære røystesetlane med kandidatnamn kjem frå trykkeriet.

    Dei generelle røystesetlane inneheld ei liste med alle dei registrerte politiske partia i Noreg, og har forkorting av partinamna i punktskrift. Veljar kan ikkje gjere andre endringar enn å setje kryss på det partiet han/ho vil røyste på. Renummerering og stryking av kandidatar er ikkje mogleg på dei generelle røystesetlane.

    Sametinget

    Sametinget er det samiske folkets folkevalde parlament i Noreg og er eit sjølvstendig folkevald organ.

    Sametingsvalet er kvart fjerde år på same dagen som stortingsvalet. Sametinget er øvste valmyndigheit til sametingsvalet.

    I Ørsta er det registrert under 30 personar i samemanntalet, og det er difor berre høve til å førehandsrøyste i perioden 10. august-10. september.

     

    Røysterett ved sametingsvalet

    For å kunne røyste til sametingsvalet, må du vere registrert i Sametingets valmanntal.

    For sametingsvalet gjeld at du må ha fylt 18 år innan utgangen av valåret.

    Når du registrerer deg må du avgi erklæring om at du oppfattar deg sjølv som same, og at du enten har samisk som heimespråk eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk eller at du er barn av ein person som står eller har stått i valmanntalet.

    Dersom du har registrert deg i Sametingets valmanntal innan midnatt 30. juni i valåret, så har du røysterett ved valet i 2021.

    Dersom du er same frå Sverige, Finland eller Russland, må du ha vert folkeregistrert i Noreg dei tre siste åra før du kan registrere deg inn i Sametingets valmanntal.

     

    Korleis kan du registrere deg i Sametingets valmanntal?

    På Sametingets nettsider finn du elektronisk registreringsskjema. Du må bruke ID-porten ved innlogging. Følg instruksjonane for utfylling.

    Du finn også registreringsskjema i papirformat. Denne fyller du ut og sender til Sametinget, Ávjovárgeaidnu 50, 9730 Karasjok.

    Om du sender dette pr. post, må den vere hos Sametinget innan midnatt 30. juni i 2021 (såkalt ihendehavarfrist) for at du skal kunne røyste ved valet i 2021. Det held altså ikkje å poststemple registreringsskjemaet den 30.06.21. 

    Innmelding i valmanntalet

    Korleis kan du avgi røyst til Sametingsvalet?

     

    I kommunar med færre enn 30 manntalsførte personar i Sametingets valmanntal, er det ikkje høve til å motta røyster til sametingsval på sjølve valdagen - det er berre høve til å avgi røyst på førehand, jf. Sameloven § 2-3, jf. Forskrift om val til Sametinget § 39.

    I Ulstein er det per dags dato færre en 30 manntalsførte personar i Sametinget, så dersom du skal røyste til Sametingsvalet må det skje i perioden for førehandsrøystinga: 10. august til 10. september.

    Førehandsrøysting i Vikegata 9 -  10. august - 10. september.

    Opningstider Vikegata 9:

    • måndag - fredag 10.00 - 15.30
    • laurdag 28. august 10.00 - 14.00
    • tysdag 31. august 10.00 - 18.00
    • laurdag 4. september 10.00 - 14.00
    • torsdag 9. september 10.00 - 18.00

     

    Registrering av førehandsrøyst til Sametingsvalet

    Sametingsvalet har ikkje høve til å ta i mot førehandsrøyster "rett i urne". Røyster til Sametingsvalet skal i blå røystesetelkonvolutt. 

    Veljar legitimerar seg og får utdelt avkryssingsrøystesetel med namna til dei registrerte samepolitiske organisasjonane, og ein blå røystesetelkonvolutt før han/ho går til røystebåsen. Veljar set kryss på det partiet som han/ho vil røyste på, legg røystesetelen i den blå konvolutten og limer igjen konvolutten. Røystesetelen til Sametinget skal ikkje stemplast i vårt vallokale.

    Røystemottakar skriv ut valkort som vert lagt i gul omslagskonvolutt saman med den blå konvolutten som røystesetelen ligg i. Veljar legg konvoluttstemma si i urna «Førehandsrøyster i konvolutt».

    Klikk for stort bilete  


    Vidaresending, oppteljing og valoppgjer

    Oppteljingsvalstyret er ansvarleg for foreløpig og endeleg oppteljing av førehandsrøyster i kommunar med færre enn 30 i valmanntalet.

    Oslo kommune er samevalstyre for Sør-Noreg sin valkrets. Valstyret i Ørsta kommune sender difor innkomne førehandsrøyster uopna til oppteljingsvalstyret i Oslo kommune, etterkvart som dei kjem inn, jf. Forskrift om val til Sametinget § 63

    Røystesetlane vert telt i 2 omgongar - ei foreløpig og ei endeleg oppteljing. Oppteljinga vert foretatt særskilt for røyster avgitt på førehand og røyster avgitt på valtinget (valdagen). All oppteljing skal skje under tilsyn av enten samevalstyret eller oppteljingsvalstyret, jf. Forskrift om val til Sametinget § 64

     

    Gjennomføring av val i ein pandemi - smittevernreglar

    Koronapandemien vil nok påverke valet til hausten, men forhåpentlegvis vil koronasituasjonen vere mykje betre i august-september. Kommunen planlegg for situasjonen slik den er per i dag, eller verre, slik at vi ikkje vert overraska ved eit eventuelt lokalt smitteutbrot. Val vert det uansett, og alle som vil røyste skal få røyste.

    Førebuingane til valet vil kreve meir tid og ressursar enn normalt. Kommunen har difor ein stor og viktig jobb foran seg. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har utarbeida ein smittevernrettleiar (PDF, 887 kB)som skal hjelpe oss å gjennomføre valet samtidig som vi varetek smittevernet. 

    For at valet skal vere trygt for alle - både veljarar og valmedarbeidarar, må vi følgje dei grunleggjande smitteverntiltaka;


    Grunnleggjande smitteverntiltak

    1. Personar som er sjuke skal halde seg heime;
      Det viktigaste smitteverntiltaket er at sjuke personar skal halde seg heime. I valgjennomføring har dette betydning både for valmedarbeidarar og for veljarar. Det vert likevel tilrettelagt for at alle veljarar har moglegheit til å røyste.

      Valstyret i Ørsta kommune har vedteke at smittevernrettleiaren til regjeringa(PDF, 887 kB) vert lagt til grunn når stortingsvalet 2021 vert planlagt og gjennomført. I rettleiaren side 11-13 står det informasjon om veljarar i karantene, veljarar med nyoppståtte luftvegsymptom og/eller sjukdomsfølesle, samt veljarar i isolasjon.

      For veljarar som er i karantene vert det tilbod om å røyste på eigen oppmøteplass i sentrum, og heime for dei som er i isolasjon. Er du i karantene, men ikkje har høve til å ta deg til rådhuset utan å bryte smittevernreglane, kan du søke om å få røyste heime. Kommunen må ha melding frå dei som må røyste heime innan kl. 10:00 valdagen.

       
    2. God hand- og hostehygiene, samt godt reinhald;
      Sprit hendene både på veg inn og ut av vallokalet.
      Unngå berøring av ansiktet.
      Host/nys i albogekroken eller i eit papir som vert kasta. Vask hendene etterpå. 

      God hand- og hostehygiene reduserer smitte ved alle luftvegsinfeksjonar, også smitte med covid-19. Hygienetiltak bør utførast hyppig av alle - uavhengig av kunnskap om eigen eller andre sin smittestatus.

      Så lenge god handhygiene vert vareteke før og etter bruk av felles utstyr (røystebås, pennar etc.), vil risikoen for smitte vere lav. 

      Reinhald i lokalet blir utført etter gjeldande rutiner. 

      Dersom det vert innført lokale eller nasjonale råd om bruk av munnbind, vil det også kunne gjelde for valet. Det kan vere nødvendig å fjerne munnbindet for at valmedarbeidaren skal kunne identifisere veljaren. Råd om korrekt handtering av munnbind skal då følgjast.

       
    3. Hold anbefalt avstand til andre enn dine nærmaste - hugs METEREN;
      Vi vil prøve å tilrettelegge lokala på ein slik måte at veljarane kan gå inn i lokalet, røyste og gå ut igjen utan å måtte vere nærmare andre personar enn minimum 1 meter. Tida veljaren oppheld seg i vallokalet bør også vere mindre enn 15 minutt. Sjå etter skilt og ledeteip, og valmedarbeidarar som eventuelt organiserer kø. Krava til avstand i køen vil vere ekstra viktig for å redusere risikoen for å bli smitta. 

      Nokre veljarar har behov for assistanse når dei skal røyste. Når assistanse vert gitt bør det så langt som mogleg haldast 1 meter avstand og tida som vert brukt bør være under 15 minutt. Unngå fysisk kontakt. Dersom det ikkje er mogleg å halde minimum 1 meter avstand bør man bruke personleg smittevernutstyr.  

     

    Følg oss