Søk treningstid i nye Ørstahallen

Klikk for stort bilete

Det er no høve til å søkje på treningstid i nye Ørstahallen.

Det kan søkast treningstid mellom 15:00 og 21:00 (ferdig 22:00), måndag til fredag.  Det er mogleg å søkje om treningstid på speleflater, friidrettsfasilitetar og treningsrom (bordtennisrom)

Hallnemnda fordeler treningstider ut i frå vedtekne prinsipp for tildeling.

Prinsipp for tildeling

 

For vårsesongen 2018 vil lag med tildelt treningstid i gamle Ørstahallen verte prioritert på allereie tildelt treningstid.

For større lag med fleire undergrupper skal det sendast inn ein felles søknad frå hovudlaget. Søknaden skal innehalde kva aktivitetar og aldersgrupper søknaden gjeld, samt namn og telefonnummer til ansvarleg trenar.

Tildeling i denne omgang,  vil gjelde frå hallen vert opna for trening, og fram til juli 2019. For sesongen 2019/2020, vil det verte ny søknadsrunde i mai.
 

Søknadsfrist 20. januar. Søknaden skal sendast til epost: orstahallen@orsta.kommune.no

For spørsmål, kontakt dagleg leiar Rebecca Riise Bjerknes på epost orstahallen@orsta.kommune.no eller på telefon 91313572

Fann du det du lette etter?