SFO 2019 - 2020 (søknadsfrist 1. april 2019)

Klikk for stort bilete

Vi ønsker dykk velkomne til å søkje SFO plass i Ørsta kommune. I desse dagar vert det sendt ut informasjonsbrev til føresette om skulefritidsordninga i Ørsta. Søknadsfrist for plass i kommunale skulefritidsordningar er sett til 1. april 2019.

Søknadsskjema

Skulefritidsordning SFO


De kan velje mellom desse tilboda:

Pristliste 2019

Vår-2019

Haust-2020

Ordinær

Matpengar

Ordinær

Matpengar

Fullt tilbod (meir enn 19 t/v)

2 905

165

3 240

170

Redusert tilbod (10-18 t/v)

2 140

110

2 400

115

Korttidstilbod (inntil 9 t/v)

1 325

80

1 515

80

Enkelttimar

75

 

75

 

Tilbod om ferie-SFO kjem i tillegg for dei som ønskjer dette, med kr 500,- pr mnd i 9.5 mnd.
Syskenmoderasjon vert gjeve med 25% av betaling for 2. og 3. barn, rekna av den plassen som kostar mest.

 

Ferieordninga ser slik ut:

Alternativ

Type plass

 

1

SFO-plass utan ferietilbod

Vel ein å betale for SFO-plass utan ferietilbod, har ein samstundes sagt at ein ikkje kjem til å trenge SFO i feriane. Ein kan ikkje kjøpe enkelttimar i ferie-SFO.

2

SFO-plass med ferietilbod

Vel ein å betale for SFO-plass med ferietilbod, kan ein i feriane nytte SFO fullt ut (Sjå oversikt over kjernetid for ferie-SFO på kommunen si heimeside).

3

SFO-plass med ferietilbod utan fast SFO-plass

Ferietilbodet for dei som ikkje har fast SFO-plass vert fakturert på 9,5 månader.

For dei som ikkje søkjer SFO-plass med ferieordning følgjer SFO-tilbodet skuleruta/skuleåret. Det vil seie at  første dag med SFO-tilbod er 20. aug 2019. For dei som søkjer SFO-plass med ferieordning, er første dag 1. aug 2019. Det er ikkje ferietilbod når Ørstaskulen har sine utviklingsdagar. Ferietilbodet i veke 33 vil derfor vere redusert til to dagar, måndag 12. og fredag 16. august er det tilbod om SFO.

Skulerute

Fann du det du lette etter?