Ørsta veks til 11 031 innbyggarar og set ny rekord

Anna Vilchyk

Ørsta har gått frå 10 978 til 11 031 innbyggarar – som er ny rekord igjen. Og med ein vekst på 53 personar er dette det fyrste kvartalet der Ørsta har fleire enn 11 000 innbyggarar.

I siste kvartal (31.03.24–30.06.24) var fødselsoverskotet på 5 personar (25 fødde, 20 døde), nettoinnvandringa på -4 personar (10 på innvandring, 14 på utvandring), nettoinnflyttinga var på heile 52 personar (innflytting 105, utflytting 53), som då totalt blir ein folkevekst på 53 personar.

I fjor hadde Ørsta ein vekst på 17 personar (0,16 %) i same periode. Og det siste året har Ørsta hatt ein vekst på 59 personar (0,54 %).
 

Søre Sunnmøre

I kommunane på Søre Sunnmøre (sjustjerna) hadde Sande og Volda negativ folkevekst i 2. kvartal.

Ørsta vekst på 53 personar (0,48 %)
Herøy vekst på 12 personar (0,13 %)
Vanylven vekst på 4 personar (0,13 %)
Ulstein vekst på 11 personar (0,12 %)
Hareid vekst på 5 personar (0,09 %)
Sande reduksjon på 9 personar (-0,37 %)
Volda reduksjon på 111 personar (-1,00 %)
 

Fylket og landet              

I fylket hadde Aukra størst prosentvis vekst, medan Volda hadde størst tilbakegang.
Fylket hadde ein samla vekst på 0,14 % i siste kvartal og landet ein vekst på 0,17 %.

Fleire tal og statistikk for folketal finn du i Statistikkbanken hjå SSB

Følg oss