KORONAINFORMASJON

Samleside om koronaviruset  |  Bestill time til koronatest 

24.11 kl.14.40 Vegen frå Selbervika til krysset ved Hovdevatnet er opna att

No kan du ta i bruk Mi side – digitale tenester frå kommunen

Klikk for stort bilete 

No kan innbyggjarar i Ørsta kommune ta i bruk Mi side. Dette er innbyggjarane si personlige side for offentlege tenester.

På Mi side kan du løyse oppgåver når det passar for deg, uavhengig av opningstidene til kommunen. Her kan du lese digital post til og frå kommunen, sjå eigedomsinformasjon, byggesaker og gå vidare til ei rekkje nasjonale tenester frå for eksempel Skatteetaten, NAV og husbanken.

For å logge inn på Mi side må du ha elektronisk ID. Når du er innlogga får du tilgang til relevant informasjon frå alle kommunane du har eit forhold til. Det vil seie at om du bur i Ørsta og har eigedom i andre kommunar, so vil du få informasjon frå både Ørsta kommune og dei kommunane du har eigedomar i. 

 

LOGG INN PÅ MI SIDE

 

Mi side er ei ny teneste utvikla av KS, målet er at alle offentlege tenester som er relevante for innbyggjarane skal finnast her.

Har du tips og ønskjer til kva du vil ha på Mi side?

Gje oss gjerne innspel til kva du ønskjer på Mi side ved å sende ein e-post til postmottak@orsta.kommune.no, merk den med "Mi side".