AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Nasjonale smitteverntiltak frå torsdag 25. mars

Klikk for stort bilete   

Regjeringa har varsla nye nasjonale tiltak som trer i kraft fra midnatt – natt til torsdag 25. mars.

Regjeringa si pressemelding

Helsenorge

Hugs: Der det er lokale tiltak som er strengare enn dei nasjonale, vil dei lokale reglane gjelde og omvendt. Det er alltid den strengaste regelen som gjeld. Ørsta kommune har i dag ikkje eigne lokale reglar.


Dei nye anbefalingane:

  • Ein-meteren blir no til to-meteren. Dei som du hittil har holdt minst éin meters avstand til, må du fra no av halde minst to meters avstand til.
  • Vi anbefalar maks to gjester på besøk.
  • Dersom du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du verken reise på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk. Dei som bur aleine og barn og unge under 20 år kan ha overnattingsbesøk av ein til to faste vener.
  • Ha få kontakter og dei same over tid. Du bør begrense sosiale kontakter mest muleg
  • Munnbind anbefalast på alle stadar der det ikkje er muleg å halde to meters avstand.
  • Det anbefalast at ein kun nyttar seg av butikkar, kjøpesenter og varehus i heimkommunen.
  • Det anbefalast at alle reiser som ikkje er nødvendige utsettast med desse unntaka:
    • Reiser til arbeid når det ikkje er muleg med heimekontor.
    • Reiser heim til familien for studentar utan familie der dei studerar.
    • Reiser til hytte saman med eigen husstand.

Det er tidligare bestemt at det skal vere digital undervisning på universitet, høgskular og fagskular fra og med 6. april. Dette trer i kraft no 25. mars.
 

Dei nye reglane:

  • Det blir forbod mot skjenking av alkohol over heile landet.
  • Det blir forbode med innendørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne, med unntak for profesjonelle toppidrettsutøvarar.
  • Treningssenter blir stengt, men kan ha ope for innbyggarane i kommunen, for rehabilitering, individuell trening og behandling.
  • Svømmehallar skal stengast, men kan ha ope for blant anna barn på svømmetrening og personar som treng bassenget til rehabilitering.
  • Fornøyelsesparkar, bingohallar og liknande underhaldningstilbod blir stengt.
  • Arbeidsgivar skal sørge for at ansatte jobbar heime ifrå på alle arbeidsplassar der det er praktisk muleg.
  • Personar som returnerar til Norge etter unødvendige utenlandsreiser må tilbringe heile karantenetida på karantenehotell. Dette trer i kraft frå midnatt, natt til mandag 29. mars.
  • Alle planlagte arrangement anbefalast avlyst. Dersom arrangementet ikkje kan utsettast gjeld desse reglane:
    • Innandørs er det tillate med 20 personar på arrangement med faste, tilviste sitteplassar.
    • Innandørs er det tillate med  50 personar på idrettsarrangement for personar under 20 år som tilhøyre idrettslag i same kommune.
    • Utandørs er det tillate med kun 50 personar på arrangement.
    • Det blir tillate med 50 personar i begravelsar og bisettelsar når det nyttast faste tilviste plassar.
       

    Kva er forskjellen på anbefaling og regel?

    Ei anbefaling bør følgast, sjølv om den ikkje er forskriftsfesta. 

    Ein regel er forskriftsfesta og skal følgast. Brot på reglane er straffbart.

 

Følg oss