Nasjonale råd og reglar og nedjustert TISK

Ørsta kommune er budd med omsyn til retningslinene regjeringa presenterte i fredagens pressekonferanse. Neste fase vert kalla  "normal kvardag med auka beredskap". Med auka beredskap i denne samanheng meiner ein at kommunane skal :

  • Framleis ha god kapasitet til testing av pasientar med symptom og risiko
  • Framleis ha god kapasitet til å vaksinere
  • Vere førebudd på å måtte vedta lokal forskrift dersom smittesituasjonen endrer seg og blir vanskeleg å handtere

Nedjusetert TISK

I tillegg gjeld det som vert kalla "Nedjustert TISK". Det betyr at mykje av smittesporinga ved smitte vert overlatt til den smitta sjølv og at kommunen sitt smittesporingsteam i mindre grad vil  ringe nærkontaktar. Når ein person er smitta vil denne bli kontakta av smittesporingsteamet og får informasjon om smitte, om å halde seg i isolasjon og å varsel sine nærkontakar. Nærkontaktar er dei den smitta bur saman med eller andre tilsvarande nære (t.d. kjæreste). Desse slepp karantene om dei held avstand frå den smitta personen og testar seg annankvar dag ved teststasjonen, eller kvar dag med eigentestar som vedkomande får utdelt ved testasjonen. Andre kontakter som den smitta meinar er i risiko for smitte, skal den smitta varsle og oppfordre om å teste seg ved symptom.

Nærkontaktar og isolering

Behalde dei grunnleggande rutinane

Konsekvensen for innbygjgarane er at vi går tilbake til ein normal kvardag der vi kun held oss til dei gode vanane vi har lært oss gjennom pandemien - halde oss heime ved luftvegssjukdom, vaske hendene godt og beskytte andre dersom vi hostar. Det er ingen avgrensingar i forhold til besøk, størrelse på arrangement eller avstand mellom menneske.

Kva skal du gjere ved luftveissymptom? (Lenke til FHI)  

 

Følg oss