Kan du tenke deg å verte meddommar?

Illustrasjonsfoto. Unsplash

Ørsta kommune skal våren 2024 velje meddommarar til lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten for perioden 2025–2028. 

Kommunen skal i tillegg foreslå skjønsmedlemar for val i fylkestinget.

Meld di interesse

Frist for å melde seg for val er 30. april 2024.


Meddommarar

Meddommarar eller lagrettemedlemar er vanlege innbyggjarar som er med på å ta avgjersler i rettssaker. Som meddommar kan du rekne med å verte innkalla ein til tre gongar i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, men enkelte saker kan vare lenger.

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og vanlegvis får du fri frå jobb for å utføre vervet. Om du taper arbeidsforteneste vert det gitt erstatning for det. Les meir om meddommar på domstol.no


Skjønsmedlem

Skjønsmedlem er ei type sakkunnige meddommarar, som deltek både i tingretten, jordskifteretten og lagmannsretten i rettslege skjøn og overskjøn. 

Skjønsmedlem må ha kompetanse knytt til ein av kategoriane: 

Landbruk, Skogbruk, Arealplanleggar, Eigedomsutviklar, Entreprenør, Arkitekt, Meklar, Takstmann, Revisor/økonom, Fast eigedom, Reindrift, Anna (spesifiser i skjema). 

 

Meir informasjon om meddommar og skjønsmedlem

 

Kontakt

Ingeborg Myklebust Bjørneset Konsulent
90857242
@ Ingeborg Myklebust Bjørneset

Følg oss