AKTUELT NO:

Informasjon om beredskap i Ørsta kommune grunna krigen i Ukraina

Informasjon om beredskapssituasjonen i kommunen og svar på ein del av spørsmåla mange har.

Regjeringa har etablert eigne sider der innbyggarar kan få svar på det dei lurer på om Russland sitt angrep på Ukraina; sjå lenkjene under. Utanriksdepartementet vil oppdatere desse sidene fortløpande.  
Angrepet på Ukraina - spørsmål og svar
Aktuelle saker om krisa i Ukraina

Under er det informasjon om beredskapssituasjonen i kommunen og svar på ein del av spørsmåla mange av innbyggarane våre sit med. Sidene blir oppdatert fortløpande. Les også informasjon frå flyktningtenesta.

Eigenberedskap til kriser

Direktoratet for samfunnssikkerheit, DSB, har ei brosjyre med kva vanlege folk bør ha heime i tilfelle krise (vatn, mat, brensel mm). Dette kan vere kriser som oppstår til dømes på grunn av uvêr og straum- eller vassbrot, sabotasje eller tekniske problem. Desse råda gjeld altså uavhengig av krigen i Ukraina.

Beredskapsbrosjyre for Ørsta kommune

På sikkerkvardag.no kan du lese meir og laste ned lista over kva du bør ha i hus.

Tilfluktsrom

Ørsta kommune jobbar med å oppdatere oversikta over både dei offentlege og private tilfluktsromma i kommunen. Vi vil klargjere desse om naudsynt, men det er per no ein heilt uaktuell problemstilling.

Jodtablettar

Jodtablettar skal kun takast ved ei atomhending på det tidspunktet myndighetene anbefala at dei takast og skal beskytte mot mot utvikling av kreft i skjoldbruskkjertelen.

Det er spesielt viktig at born og unge under 18 år, gravide og ammande teke tablettane fordi dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen etter å ha blitt utsatt for radioaktivt jod. Det kan i heilt spesielle situasjonar også vere aktuelt med tablettar for vaksne mellom 18 og 40 år, mens dei over 40 år har svært liten risiko for å kreft i skjoldbruskkjertelen, og treng ikkje ta jodtablettar. Personer som har operert bort skjoldbruskkjertelen treng ikkje ta jodtablettar.

Myndighetene vil gje nærmare beskjed om kva gruppe av befolkninga som skal ta tablettane ved ein atomulykke.

  • Kommunen har tablettar i beredskap til:
    • barn og unge under 18 år
    • gravide og ammande
       
  • Andre kan kjøpe jodtablettar reseptfritt på apoteket. (NB! Dei over 40 år treng ikkje ta jodtablettar.)

Merk:

  • Jod-tablettane beskyttar berre mot strålingsskader frå radioaktivt jod. Ved atomulukker vil det også vere andre radioaktive stoff som blir slept ut.
  • Jod som kosttilskot kan ikkje nyttast til å førebygge strålingsskader.
  • Bordsalt tilsett jod har heller ikkje effekt, og det er helseskadeleg å ete for mykje salt.

Meir informasjon på DSA sine nettsider.

Kriseleiinga

Kriseleiinga har kontakt med regionale og statlege instansar som held oss oppdatert på situasjonen, og om eventuelle tiltak som bør settast i verk. Heimesida til kommunen vert fortløpande oppdatert ved eventuelle hendingar.

Flyktningar frå Ukraina

Ørsta kommune er innstilt på å ta imot flyktningar frå Ukraina når førespurnaden kjem. Les om informasjonen frå flyktningtenesta.

Har du ein ledig bustad som kan gjerast tilgjengeleg for flyktningar, tek vi gjerne i mot informasjon om det. Bruk skjema under, det er ikkje bindande på nokon måte. 

Skjema for innmelding av potensiell bustad   

 

Les meir om beredskap i Ørsta.

Følg oss