Influensavaksinasjon i Ørsta kommune - sesongen 2020/2021

Klikk for stort bilete   

Det blir influensavaksinering i Ørsta kommune i veke 44-45. Timebestilling frå 16.oktober. 

Grunna koronapandemien blir vaksineringa lagt opp litt annleis enn tidlegare og med gode smitteverntiltak. Det blir influensavaksinering i Ørsta sentrum, på Sæbø og på Vartdal. Det vil i tillegg vere mogleg å få vaksina hos fastlege når ein er til konsultasjon der. Heimebasert omsorg tilbyr vaksinering i heimane til sine brukarar.

 

Timebestilling

Av smittevernomsyn blir det timebestilling for vaksinering. Ring 904 73 660 for timebestilling. Telefonen er open frå 16.oktober til 2.november, mellom kl.13 og 16. 

 

Vaksinering

Det blir desentralisert vaksinering i krinsane. Møt presis til avtalt tid.

Vaksinasjonen kostar kr. 200,-. Betaling med bankkort, Vipps eller faktura. INGEN kontant betaling. 

Ørsta sentrum, kulturhuset

  • Torsdag 29.10.20
  • Fredag 30.10.20
  • Måndag 02.11.20
  • Tysdag 03.11.20
  • (ev. onsdag 04.11.20)

Sæbø krins, klubbhuset

  • Tysdag 27.10.20 kl.09-15

Vartdal krins, gamle legekontoret Nordre Vartdal

  • Torsdag 29.10.20 kl.09-15

Kva er influensavaksine?

Influensavaksine er det viktigaste førebyggande tiltaket ein har mot influensarelaterte komplikasjonar og dødsfall. Med vaksine blir det mindre alvorleg sjukdomsforløp blant dei vaksinerte som likevel får influensa. Vaksinen gir ei gjennomsnittleg effekt på 60%.

Vaksinen gir lite biverknader, men enkelte kan få influensaliknande reaksjonar første dagane etter vaksinasjon. Ein kan ikkje få influensa av vaksinen, sidan den ikkje inneheld ikkje levande virus. Vaksinen vernar kun mot dei 3-4 virusa som vaksinen er mot, den vernar ikkje mot andre typar virus som kan gi influensaliknande sjukdom. Vaksinen brukar 10-14 dagar på å virke, husk derfor å ta den før influensasesongen startar.


Kven bør vaksinerast mot sesonginfluensa ?

Følgjande grupper har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom (risikogrupper), og blir difor tilrådd å ta influensavaksine:

  • Alle personar som har fylt 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Gravide etter 12.svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om vaksine

    Barn og vaksne med:
  • Diabetes mellitus, type 1 og 2
  • Kronisk luftvegssjukdom
  • Kronisk hjerte- og karsjukdom
  • Kronisk leversvikt
  • Kronisk nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller -skade
  • Nedsett immunforsvar
  • Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
  • Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg til risikogruppene blir det også tilrådd influensavaksine til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt blir spesielt oppmoda om å vaksinere seg, ikkje for eigen del, men primært for å verne andre svake risikogrupper (indirekte vern)
  • Husstandskontakter til personar med nedsett immunforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Det er desse målgruppene som er prioritert for influensavaksinering fram til 01.12.20.