Her kan du få hjelp!

Klikk for stort bilete  

– Vi er i ein krisesituasjon der dei vanlege tilboda er stengt og dagleglivet drastisk endra. Vi er tvungne til å vere mykje meir heime kvar for oss, og det betyr at dei som har det tøft frå før vil få det endå vanskelegare no. Då er det viktig å vite kvar det er hjelp å få, seier ordførar Stein Aam.

Her er ei oversikt over telefon- og chatteteneste som held ope for deg som treng nokon å snakke med om det du lurer på.

 

Tenester du kan kontakte i Ørsta:


Tenesta for psykisk helse og rus: 90 25 08 11

  • Telefontid: alle dagar kl. 09.00–14.00.

Har du tankar eller bekymringar som påverkar di psykiske helse? Ring oss om du har behov for å prate. Vi minner om at Mental Helse sin hjelpetelefon 116 123 har døgnope.

Ørsta helsestasjon: 94 16 78 48

  • Telefontid: måndag – fredag kl 0900–1400.

Spørsmål knytt til gravide, barn og unge 0–20 år kan ringe.
 

Kyrkja i Ørsta:

Er du einsam eller uroleg? - Kjenner du behov for nokon å snakke med?
Treng du nokon å dele gode eller vonda tankar med?

Sokneprest i Ørsta Arne Moltubak og diakon Betty Søvik vil gjerne snakke med deg på telefon! Vi har teieplikt og lang erfaring i å samtale med folk.Om vi ikkje kan ta telefonen akkurat når du ringer, prøver vi å ringe deg opp igjen seinare.

Ring oss eller send oss ein SMS:
Arne Moltubak: 90674947
Betty Søvik: 46500243

 

Til deg som er ung

Om du slit med vonde tankar eller har det vanskeleg heime, er det viktig at du snakkar med nokon du stolar på. Sjølv om skulen er stengt, så er læraren din framleis på jobb og tilgjengeleg for deg.

I tillegg fins det fleire om du treng nokon å snakke eller chatte med:
 

Alarmtelefon for barn og unge: 116 111

Alarmtelefonen er et naudnummer for deg som er utsett for vald, overgrep eller føler deg utrygg på andre måtar. Du kan også ringe dersom du er bekymra for nokon du kjenner. Telefonnummeret er 116 111 og er døgnope i samband med korona-situasjonen.

 

BaRsnakk

www.barnavrus.no/tilbud/barsnakk

Eit chattetilbud til deg med foreldre eller andre nær deg, som har eller har hatt eit rusproblem. Chatten er open måndag til onsdag frå 17.00–20.00 og du kan skrive anonymt om det som opptek deg. Tilbodet er drifta av frivillege i organisasjonen Barn av rusmisbrukere.
 

Kors på halsen

www.korspaahalsen.rodekors.no

Eit tilbod til deg under 18 år. Her jobbar frivillege vaksne frå Røde Kors. Du kan velje om du vil ringe, chatte, eller sende e-post. Telefonen 800 333 21 er open frå måndag til fredag mellom 14.00–22.00. Du kan også snakke med andre på din alder på forumet.
 

SnakkOmPsyken.no

www.snakkompsyken.no

Dette er Blå Kors si chatteteneste for deg mellom 9–19 år. Her kan du chatte om vanskelege tankar og følelsar. Opningstidene er måndag-torsdag frå 09.00–21.00, fredag frå 09.00–15.00, og søndag frå 15.00–21.00.
 

UngPrat.no

www.ungprat.no

Samtaleteneste til barn og unge mellom 13–24 år som treng nokon å prate med. Ungprat.no er ope søndag – fredag 09:00–21:00.

 

Til deg som er bekymra for eit barn

Når samfunnet stenger ned mistar barna våre kontakt med nettverket sitt i barnehagar, skular og på fritidsaktivitetar. Dette er tida for å senke terskelen for å ta grep. Her er ei oversikt over kvar du kan ta kontakt for å få råd og rettleiing:
 

Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111

Alarmtelefonen er det nasjonale naudnummeret for barn og unge. Vaksne som er bekymra for eit barn kan ringe alarmtelefonen. Her jobbar fagpersonell og er døgnope i samband med korona-situasjonen.
 

Barnevernet.no

www.barnevernet.no

Barnevernet er inkludert i gruppa samfunnskritisk personell under koronakrisa, for å sikre dei mest utsette barna. På barnevernet.no er det informasjon om barnevernvakter og barneverntenesta i alle kommunar og korleis du melder din bekymring til barnevernet.

 

Til deg som har det vanskeleg

Dette er ei krevjande tid for barn og vaksne. Dersom du opplever at det er vanskeleg å handtere situasjonen, eller treng hjelp for å vere ein god forelder, er det fleire gode tilbod til deg.
 

Mental Helse hjelpetelefonen: 116 123

Hjelpetelefonen er ei gratis døgnope telefonteneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym og dei har teieplikt. Der er også ein chat på sidetmedord.no.
 

Kirkens SOS

Her kan barn, ungdom og vaksne ta kontakt for å snakke med nokon anten på telefon, på melding eller chatte. Ta kontakt på tlf: 22 400 040 heile døgnet. SOS-chat er ope kvardagar kl. 18.30–22.30 og det er heilt anonymt.
 

Foreldresupport

Foreldresupport er ein døgnopen telefon- og chatteteneste for omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing eller har behov for å lufte tankane med nokon. Den er drifta av Mental Helse, og telefonnummeret er 116 123 (tast 2).
 

Vald- og over­greps­lina 116 006

Ei døgnopa hjelpeline for deg som opplever vald i nære relasjonar eller er bekymra for nokon du kjenner. Tenesta er anonym.  
 

Anonyme Alkoholikere (AA)

Anonyme Alkoholikere er eit fellesskap av kvinner og menn som deler erfaring, styrke og håp med kvarandre for at dei kan løyse sitt problem og hjelpe andre å friskne til frå alkoholisme.
Telefon: 911 77 770, ope måndag – fredag (11.00 – 15.00 og 18.00 – 22.00), laurdag – søndag (18.00 – 22.00)
 

Hjelpetelefon for seksuelt misbrukte

Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte er eit døgnope, gratis tilbod til seksuelt misbrukte barn og vaksne av begge kjønn, samt pårørende til seksuelt misbrukte. Hjelpeapparatet kan også ringe denne telefontjenesten for råd og rettleiing. 

Tlf: 800 57 000
www.hfsm.no
 

Rådgjevartelefon for pårørande

Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse og rus.
Dei tilbyr rådgjeving om rettigheitene og behov til pårørande, og om hjelpeapparatet. www.piosenteret.no.
Der er også ein chat for unge: http://piosenteret.no/pio-ung/chat.html
 

Pårørandelinjen

Pårørendelinjen er tilgjengelig på chat, telefon og e-post. Våre ansatte har helse- og sosialfaglig utdanning og taushetsplikt. De sitter klar til å ta imot henvendelser fra både barn og voksne!

Ring oss gjerne på  90 90 48 48
Vi holder åpent alle hverdager mellom kl. 09.00 og 15.00.

Chatten er tilgjengelig på våre nettsider:
Pårørendesenteret.no – for voksne pårørende
UngePårørende.no – for barn og unge pårørende
Pårørendeprogrammet.no – for fagfolk