Hald av 26. - 27. januar!

Klikk for stort bileteFrå fyrste spadetaket 30. juni 2017. - No vert det opning! Vilde Moltudal Igland

Det er med stor glede at vi ynskjer velkomne til opninga av nye Ørstahallen! 

Vi er i ferd med å spikre eit spennande program for helga. Det vi kan røpe er at det blir omvisningar, aktivitetar og spektakulært opningsshow med snorklipping av sjølvaste verdsmeister Karsten Warholm. - Dette vil du ikkje gå glipp av!

16. juni 2017 vart kontrakta med HS Bygg signert, og 30. juni 2017 satt vi spada i jorda for bygginga av vår nye fleirbrukshall.  Knappe 1,5 år seinare kan vi juble for ferdigstilt hall. Dette feirar vi heile helga 26. - 27. januar, med opningsfest to dagar til endes.

Vi kjem med meir informasjon om programmet for helga, når det er klart. I mellomtida kan du følge Ørstahallen på facebook:

Ørstahallen på Facebook

Hending: Opningshelg i Ørstahallen

Fann du det du lette etter?