Grensejusteringa tek form

Klikk for stort bilete

Ørsta og Volda kommunar samarbeidar godt med grensejusteringa av Bjørke og Viddal. Målet er å gjere overgangen for innbyggjarane så smertefri og saumlaus som mogleg. Frå 2020 vert Bjørke og Viddal ein del av nye Volda kommune saman med Hornindal og Volda. 

Ei interkommunal arbeidsgruppe har arbeidd med å kartlegge og klargjere tenester og eigedomar som skal overførast frå Ørsta til nye Volda kommune i samband med denne grensejusteringa. Det vidare arbeidet skjer direkte mellom dei respektive einingane i kommunane.

Her er ei lita oppsummering av dette arbeidet:
 

Landbruk

Ørsta og Volda har over lengre tid hatt felles landbrukskontor, det vil difor ikkje vere praktiske endringar for innbyggjarane. Det er derimot sett i gong arbeid med å få Hornindal inn i dette samarbeidet.
 

Skule og barnehage

Når det gjeld skule og barnehage, vil avtalar om skule- og barnehageplass med Volda og Hornindal kommunar falle vekk frå 01.01.2020. Det vil ikkje bli stor endring for innbyggjarane på dette området, ettersom borna frå Bjørke og Viddal allereie går på skule og i barnehage i nye Volda kommune.
 

Helse og omsorg

Omfanget av helse- og omsorgstenester til innbyggarane på Bjørke og Viddal er generelt lite, og omleggingane som skjer i samband med å overføre tenestene til nye Volda kommune vil dermed føre til små endringar. Fleire av dei som nyttar seg av helsetenester gjer allereie dette i Volda i dag, då innbyggjarane fritt kan velje kvar dei vil ha fastlege.

Nye Volda vil ikkje få tilgang til tidlegare info om brukarar av ulike tenester utan at brukar har gitt samtykke om dette. Det vil altså bli spurt om samtykke til å flytte tidlegare informasjon om brukarar frå Ørsta til Volda ved behov.
 

Tekniske tenester 

Tenestene her er omfattande, noko som krev mykje arbeid og ressursar for å finne gode løysningar.

  • Dei nye kommunegrensene er allereie fastsette av Kartverket. Kommunane har ikkje fått ikkje høve til å uttale seg om dette på førehand, og har heller ikkje klagerett. Det er dermed ikkje avklara kvar eigedomsgrensene i fjellutmarka går, eller kven som er eigarar av fjellutmarka. Kartverket understreka at kommunegrensa står fast, og at grunneigarane i enkelte høve vil ha eigedom i begge kommunane. Det er derimot usikkert kor stor praktisk verknad dette vil få i framtida.
     
  • Vatn og avløp har private ordningar og renovasjonen vil framleis vil bli utført av VØR, så her vil det ikkje verte noko endring. Detaljar om feiing vil bli handtert direkte mellom einingane i kommunane.
     
  • Nye Volda kommune vil ta over og drifte dei 7530 meterane med kommunal veg. Volda kommune vil frå 01.01.2020 ta over gjeldande avtale for snøbrøyting som gjeld fram til vinteren 2019/2020.
     
  • Når det gjeld beredskap tek Volda over ansvaret pr. 01.01.2020. Dette gjeld også brann- og redningsvern, men det er ikkje avklart i detalj enno korleis dette vil skje. Arbeidet med dette er sett i gang.
     
  • Ørsta kommune sin del av arealet til Storfjord kyrkje, vil verte overført til Volda kyrkjelege fellesråd.

Den interkommunale arbeidsgruppa vonar at innbyggarane på Bjørke og Viddal vil få ein fin overgang til nye Volda kommune. Dersom det er spørsmål til grensejusteringa, kan du kontakte Ørsta kommune på 700 49 700 eller sende ein mail til postmottak@orsta.kommune.no eller ta kontakt med Volda kommune her.

Fann du det du lette etter?