Eit lågtrykk er på veg og kan gi vind opp i storm styrke i kveld og natt til torsdag. .
Sikring av eigendomen - om hausten kan du til dømes:
• Gå over huset og tomta og ta inn eller sikre lause gjenstandar
• Sjå til at slukar og vasskummar ikkje er tette
• Reinske takrenner
Om du ikkje klarer å sikre eigendomen sjølv, kan du avtale med slekt, vener eller naboar at dei hjelper deg med å sikre eigedomen om hausten.
Varme og lys - Lag deg ein enkel plan i tilfelle straumbrot
• Syt for å ha lommelykter på ein fast og lett tilgjengeleg plass. Hugs ekstra batteri og pærer.
• Hugs fyrstikker, lighter og opptenningsbrikettar
• Stearinlys og oljelampe er gode lyskjelder. – Tenk brannfare. Gå aldri frå brennande lys !
• Dersom du har vedomn har du eit godt alternativ for oppvarming. Pass på at du har godt med ved i vinterhalvåret.
• Forsikre deg om at varme kle og pledd er lett tilgjengeleg
• Ha alle slike ting på faste plassar
Telefonliste
BRANN 110 POLITI 112 AMBULANSE 113
Legevakt 116 117
Teknisk vakt 900 49 760