Arealplanleggar, Plan- og miljøavdelinga. Søknadsfrist: 04.02.2019

Klikk for stort bilete Ørsta kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre, og har eit allsidig næringsliv og eit variert kulturtilbod. Kommunen ligg i hjartet av Sunnmørsalpane, og har rike mulegheiter for friluftsliv heile året. Ørsta, som er kommunesenteret, har utvikla seg til å verte eit viktig handelssentrum i regionen og er ein tettstad i sterk utvikling.  

Sak nr. 2019/66
ID nr. 1239

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar

  • Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
  • Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
  • Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
  • Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Søknadskjema

Ørsta kommune søkjer ein ny medarbeidar til ei 100% fast stilling som arealplanleggar. Stillinga er for tida i plan- og miljøavdelinga i seksjon tekniske tenester. Avdelinga har ansvaret for den overordna arealplanlegginga, handsaming og utarbeiding av reguleringsplanar, tettstadsutvikling og oppfølging av natur- og miljøforvaltning. I tida framover vil mellom anna rullering av kommuneplanen sin arealdel og utarbeiding av nye områdeplanar vere sentrale og spanande arbeidsoppgåver for avdelinga.  
                                                    
Vi søkjer etter person med relevant ingeniør- eller planfagleg bakgrunn. Stillinga vil i utgangspunktet vere knytt til arbeid med fysisk planlegging. Oppfølging- og sakshandsaming av private planframlegg og andre plansaker, samt prosjektstyring/utarbeiding av kommunen sine eigne planar er aktuelle arbeidsområde. Arbeidsområde vert vurdert ut i frå erfaring og bakgrunn, og det vil verte gjeve naudsynt opplæring.

Den som vert tilsett må meistre god munnleg, skriftleg og visuell framstilling av informasjon. Søkjarane bør ha erfaring frå arbeid med fysisk planlegging, og søkjarane må ha gode IKT- kunnskapar. Kommunen nyttar GIS/LINE og Gemini terreng som kartforvaltningsverkty og konstruksjonsverkty.

Kommunen nyttar nynorsk som målform. 

I vurderinga av søkjarane vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar som evne til samarbeid, fleksibilitet og evne til å arbeide sjølvstendig og resultatorientert. Søkjarane vert vurderte ut frå ei heilskapsvurdering.

Nærare informasjon om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Gunnar Wangen tlf. 906 46 645 eller planleggar Matias Kårstad tlf. 908 01 980. 

Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Ved intervju og ved tilsetjing skal det leggjast fram rettkjend dokumentasjon av vitnemål og attestar. Dette dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett avlønning. 

Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. 
Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet, som du finn lenke til på heimesida. 

Kontakt servicekontoret dersom du ønskjer å få tilsendt søknadsskjema på papir. Gjer vel å føre opp saksnummer og ID-nummer dersom du nyttar papirskjema.
  
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Kopiar av vitnemål og attestar skal sendast som e-post i ei  pdf-fil til postmottak@orsta.kommune.no  eller til Ørsta kommune, 
Dalevegen 6, 6153 Ørsta. 

Søknaden med vedlegg vert ikkje returnert. Desse vert makulert etter tilsetjing. 

Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve til prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Fann du det du lette etter?