Markeringa vil finne stad ved minnesmerket i Laguneparken i Ørsta sentrum. Arrangementet vil innehalde appellar frå fungerande ordførar og leiar i AUF Møre og Romsdal. I tillegg vert det helsing og pålegging av krans frå Nasjonal støttegruppe etter 22. juli og det blir diktlesing.
“22. juli er ein dag vi aldri vil gløyme. Når vi samlast på denne måten minnast vi dei som mista livet og vi viser at det er eit felles ansvar å ta eit oppgjer med ekstreme haldningar, hat og rasisme. Vi må stå saman og vise at samhald og kjærleik står sterkare enn hat”, seier Tove Halse Digernes, fungerande ordførar i Ørsta.
Program:
· Velkomen, fungerande ordførar Tove Halse Digernes
· Appell, leiar i AUF Møre og Romsdal Johannes Walderhaug
· Helsing og krans frå Nasjonal støttegruppe etter 22. juli, Johannes Walderhaug og leiar i Ørsta arbeiderparti Karen Høydal
· Appell, fungerande ordførar Tove Halse Digernes
· Blomar frå Ørsta kommune og diktlesing
Du er hjarteleg velkommen til å delta på markeringa!
22. juli-minnesmerket i Laguneparken