Bjørke vert del av Nye Volda kommune

Kommunalminister Monica Mæland tok kontakt med ordførar Stein Aam i dag. Ho ville melde frå om at regjeringa vil grensejustere og gjere Bjørke til ein del av Nye Volda kommune. 


Ordføraren er svært skuffa over utfallet, men han er også kritisk til dei vurderingane som er gjort av fylkesmannen og departementet i denne saka. 

Til skilnad frå dei andre grensejusteringssakene i fylket har folkeviljen vorte sett til side. Ordføraren meiner at det først og fremst er innbyggjarane som bør få avgjere kva kommune dei skal høyre til.
Dette er ikkje berre Ørsta kommune sitt standpunkt. Det er eit demokratisk prinsipp å faktisk lytte når ein vel å spørje innbyggarane. Dette prinsippet er også lagt til grunn i forarbeida til inndelingslova. Når staten då vel å sjå bort frå folkeviljen er det grunn til å vere skuffa.   

Vedtaket er negativt for Ørsta kommune si reiselivssatsing i Hjørundfjorden. Det er nedslåande å sjå at fjorden, som er ei tydeleg geografisk og kulturell eining og eit sterkt varemerke, no vert kløyvd mellom to kommunar.   

Vedtaket fører også til at Ørsta kommune sitt inntektsgrunnlag vert svekka, noko som vil vere til skade for det vidare utviklingsarbeidet i heile Ørsta kommune. Å misse 18 % av landarealet sitt i ei grensejustering har store konsekvensar for ein kommune. 

No må vi vente på det formelle vedtaket og grunngjevinga før vi tek stilling til korleis vi skal handtere dette. 
 

Følg oss