Vi skal ikkje jobbe meir, men smartare

Fv. Seksjonsleiar barnehage Reidun Mo, saman med journalist John Roald Pettersen og Irene Yksnøy Lianes, koordinator for utviklingsarbeidet.

Utviklingsprosjektet «Saman om Ørstabarnehagen» har som mål å styrke alle barnehagane i kommunen. Allereie før det fyrste året er omme har Ørstabarnehagen klart å lage ferdig ein lokal rammeplan som gjeld for alle 11 barnehagane i kommunen. Det vert ikkje gjort forskjell på om barnehagen er liten eller stor, kommunal eller privat – arbeidet med å løfte barnehagane skal bety noko for alle borna  i Ørsta kommune.

Representantar frå Ørstabarnehagen har blitt intervjua i høve arbeidet med lokal rammeplan.
Artikkelen kan du lese på Barnehage.no.


Aktuelle lenkjer


I januar i år starta Seksjon barnehage opp prosjektet «Saman om Ørstabarnehagen – verdibasert leiing». Utviklingsarbeidet vert gjennomført i samarbeid med Grete Helle og Tom Rune Fløgstad frå Ringer i vann. Helle og Fløgstad følgjer prosessen, er med på å belyse på kva som er unikt for Ørstabarnehagen og gir råd for kva retning som er mest føremålsnyttig å følgje.
 

«Alle eller ingen»

Målet er å samle alle 11 barnehagane i kommunen under same paraply, uansett om barnehagen er liten, stor, kommunal eller privat. Alle skal arbeide ut i frå dei same grunnleggande retningslinjene, som er formalisert i lokal rammeplan. Dette er for å sikre ein best mogleg barnehage for borna i Ørsta kommune. Seksjonsleiar Reidun mo påpeikar at dei ville ha med alle i utviklingsarbeidet, og bestemte tidlig at det var alle eller ingen som skulle ta del.

Det er viktig  å formalisere felles rammer og kjenneteikn ved Ørstabarnehagen. Kommunen har 7 kommunale og 4 private barnehagar som utgjer Ørstabarnehagen. Det skal ikkje vere noko tankar om «oss» og «dei», samtlege barnehagar i kommunen har eit felles samfunnsmandat. – Alle er Ørsta sine born, og Ørstabarnehagen vil gi alle borna i kommunen gode vekstforhold til å lære, leike og utvikle seg, både som gruppe og som enkeltindivid.
 

Kvifor lokal rammeplan?

Skjermkutt av Lokal rammeplan

Lokal rammeplan tek utgangspunkt i lov om barnehagar, forskrifter og dokument vedtekne av Ørsta kommune. Planen skal ikkje vere ein «lett-versjon» av den nasjonale rammeplanen. Den skal i staden sikre det særeigne med Ørstabarnehagen, gjennom lokale satsingsområde som er utarbeida av styringsgruppa i samarbeid med Ringer i vann.

Seksjonsleiar Reidun Mo er klar på at utviklingsarbeidet med lokal rammeplan og handlingsplan ikkje har som mål at barnehagane skal jobbe meir, tvert i mot. Målet er at barnehagane skal jobbe smartare. Den lokale rammeplanen skal vere grunnlag for å utvikle barnehagane sine rutinar og metodar. Dette skal sikre og vidareutvikle kvalitet i den einskilde barnehagen.

 

Lov om barnehagar - nasjonal rammeplan - lokal rammeplan - årsplan.


Det som er utheva ovanfor er den samanhengen som den lokale rammeplanen fungerar i. Lov om barnehagar og nasjonal rammeplan er felles for alle barnehagar i landet, lokal rammeplan gjeld for dei 11 barnehagane i Ørsta kommune, medan årsplanen er utarbeida av den einskilde barnehage.

Innhaldet i den lokale rammeplanen skal vere med på å leie barnehagane i kommunen inn på ei felles retning som følgjer både lokale satsingsområde, barnehagelova og nasjonal rammeplan. Den skal samstundes gi rom for at den enkelte barnehagen skal få styrke eigne svakheiter og fortsette det gode arbeidet som allereie blir gjort. Dette vert grunnlaget for årsplanen til den einskilde barnehage.

 

Språk, natur og lokal kultur

Områda språk, natur og lokal kultur er viktige punkt i den lokale rammeplanen. Språket i Ørsta kommune er ein viktig identitetsskapar. Det å vere stolte av Ivar Aasen og nynorsken skal borna oppleve allereie i barnehagen. Dei skal møte både det nynorske språket og ulike dialektar. Borna vil i skulen lære å skrive nynorsk, og då skal dei ha blitt kjent med det i barnehagen. Dei elleve barnehagane i kommunen skal også gjennom sine årsplanar vise at dei er ulike og ligg ulike stadar i kommunen vår.

Til dømes vil borna i Dalane barnehage som ligg i eit jordbruksområde, få inspirasjon til leik gjennom møte med arbeid på garden. Born i sentrum av Ørsta får til dømes oppleve småbåthamna. Sæbø barnehage som ligg ved Hjørundfjorden og ser ferje, hurtigrute og skyssbåt kvar dag vil møte vaksne som tek dette med inn i leiken og oppveksten til borna der.

Samtidig skal alle barna i barnehagane bli lest for kvar dag, gå tur kvar veke, leike ute kvar dag og vere i lag med vaksne som skal vere tett på heile dagen. Dette står i den lokale rammeplanen og gjeld for alle barnehagane i kommunen.

Følg oss