Vel møtt til markering av SeniorSurf-dagen

Seniornett-frivilligsentralen.jpg

SeniorSurf-dagen 21. september er ei landsdekkande markering i regi av Seniornett Norge. Målet er å setje fokus på seniorar og nettbruk. 

Stadig fleire tenester vert gjort elektroniske. For mange seniorar kan dette vere eit problem. Mange vil lære, men treng hjelp. I Ørsta vert dagen markert på Bakk-Ola-marka aktivitetssenter torsdag 21.september klokka 12.00. Det vert innleiingar frå Ørsta kommune og Tussa.

Arrangementet er gratis og ope for alle!

Vel møtt til ei triveleg og lærerik stund.  

Følg oss