Kommunestyret får orientering om heiltidskultur

Barne og ungdomslærling.jpg

Trepartsgruppa Kveik legg fram orientering om arbeidet med heiltidskultur i Ørsta kommune på kommunestyremøtet i dag. 

Levekårsutvalet har sett fram ynske om å få orientering om status på heiltidssatsinga i kommunen. Utvalet ynskjer informasjon om kva som har vorte gjort og kva kommunen vil gjere framover for å etablere ein heiltidskultur, der heile og faste stillingar skal vere regelen i utlysingar av kommunale stillingar. Saka som vert lagt fram på møtet i dag, saman med presentasjonen, er både eit svar til levekårsutvalet og ei orientering til eit samla kommunestyre. 
 
Ørsta kommune vil i åra som kjem jobbe heilskapleg med prosessar som skal medvirke til å skape ein heiltidskultur i kommunen vår. Vi må arbeide med å auke kompetansen og endre kulturen i heile organisasjonen vår. Ein heiltidskultur er avgjerande for at vi kan møte kompetansebehov i framtida. Vi har mykje forsking og kunnskap som syner at heiltidskultur og store stillingar vil gje stor positiv verdi, både for arbeidsgjevar, arbeidstakarar og framfor alt for innbyggjarar og brukarar. 
 
Å utvikle ein heiltidskultur handlar om mykje meir enn turnusordningar og å få helgane til å ”gå opp”. Det handlar om haldningar, forankring, normer, språkskaping og korleis Vi gjer det her hos oss. Å utvikle ein heiltidskultur handlar om organisasjonsendring med politisk vilje, tydeleg leiing, engasjerte tillitsvalde og tilsette som arbeider mot same mål i same retning. Vi er avhengige av at alle partane (politikarar, tilsette og arbeidsgjevar) fyller dei ulike rollene sine og snakkar same språk og forstår det same. 
 
Dette er ein langsiktig og kontinuerleg prosess. Vi skal setje mål og definere milepålar, men det er dei gode prosessane over tid med brei forankring som vil gje varige resultat. Vi kan ikkje vedta ei kulturendring, men vi kan vedta at det skal arbeidast med prosessar som skal vere med på å skape ein heiltidskultur i kommunen vår.
 
Gjennom heile prosessen vil Gneistgruppene verte engasjerte, noko som er heilt avgjerande for å lukkast med forankringa ute i organisasjonen. Gneistgruppene, som er sett saman av einingsleiar, plassverneombod og plasstillitsvald(e) er sentrale i arbeidet med heiltidskultur. Dei skal vere motorar for omstilling på arbeidsplassane, og vil vere viktige aktørar saman med alle dei tilsette for å finne dei gode virkemidla og gode løysingane. Våren 2017 vart det gjennomført motivasjonsverkstader for Gneistgruppene i Ørsta kommune. På tre samlingar samla me om lag 140 einingsleiarar, plassverneombod og plasstillitsvalde. På verkstadene fekk dei tilsette finne fram til gode grunnar til at vi skal arbeide for ein heiltidskultur og dei kom med gode innspel til ei lokal heiltidserklæring. 
 
Denne prosessen vil og skal ta tid. Dei tilsette må ta aktivt del i å forstå og forme løysingane som på sikt skal gjere oss til ein kommune med heiltidskultur. 
 
Vi kan ikkje vedta ei kulturendring, men kommunestyret vil gjennom vedtak støtte at det skal arbeidast med prosessar som skal vere med på å skape ein heiltidskultur i Ørsta kommune. Saman med Ulstein skal Ørsta kommune vere pilot i eit heiltidsprosjekt i regi av KS Møre og Romsdal. Vi vil då få ta del i opplæring og få direkte oppfølging ute på ulike arbeidsplassar. Vi tek sikte på at prosjektet skal starte våren 2018.
 

Følg oss