AKTUELT NO:

Val 2021Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Kulturprisen 2015 til Marita Bett Aakre

 Klikk for stort bilete

Gratulerer med prisen til Marita Bett og Bakketunet. 

Marita Bett Aakre formidlar ein kulturarv som er tradisjonsberande, aktuell og nyskapande, med Bakketunet på Bjørke som viktig arena for utøving av idérikdom og mangfald.

Å skape nytt liv i ein gard som har vore i slekta gjennom generasjonar krev ressursar, noko som Marita Bett Aakre har forvalta på ein framifrå måte saman med gode kulturkrefter elles.

Marita Bett Aakre har også gjevnader som formidlar, kunstnar og formgjevar med fleire ulike uttrykk. Ho viser fram det som er skapt, noko vi gjerne vil sjå, oppleve og takke for.

--

Kulturprisen er 10.000 kroner saman med eige diplom, – som vert utdelt i kommunestyremøtet 10.desember.