Opning av ny tømmer- og fleirbrukskai

Opning Tømmer-/fleirbrukskai Vilde Moltudal Igland

 

 

Utvidinga av Ørstaterminalen er ein realitet, og måndag 4. juni vart den nye tømmer- og fleirbrukskaia offisielt opna av Landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Ørsta kommune er god nøgde med prosjektet, og vil særleg trekke fram det gode og profesjonelle samarbeidet med endtreprenøren PEAB K Nordang. Dei har gjort framifrå arbeid og har halde framdriftsplanen, med ei lita forlenging på få veker grunna tele.

Ørsta kommune vil rette stor takk til Landbruks- og matdepartementet for å ha bidrege med eit så stort tilskot at tømmerkaia kunne verte realisert. Vi vil også takke Kystskogbruket for god hjelp.



- Fleirbrukskai for både skognæringa og resten av næringslivet i heile regionen.

Ørsta kommune har i fleire år arbeidd for å få opp finansiering til utbygginga. Kailengda er dobla og det er etablert ei tømmerkai som også kan inngå i sambruk med resten av Ørstaterminalen i periodar. – Dette er ei praktisk fleirbrukskai for skognæringa og resten av næringslivet i heile regionen.

Ein viktig effekt av utvidinga er at vi får utvikla Ørstaterminalen som regional fleirbrukskai for Søre Sunnmøre og delar av Nordfjord. Lenginga av kaia gjer det mogleg å få til effektiv samdrift mellom skogbruket og andre næringar, som skal bruke kaia som godsterminal og andre næringsføremål. Sentral plassering på Søre Sunnmøre, ved E39 og som knutepunkt i vegsambanda Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjer at Ørstaterminalen kan fungere som  tømmerkai for ein stor region, heilt til indre Nordfjord.

For Vik Ørsta er terminalen sentral i drifta. Det å få inn råvarer over sjø, er den mest rasjonelle driftsmåten. Også mykje av ferdigprodukta går ut sjøvegen. Selskapet ser eit stort potensiale i kaianlegget og i sjøtransport i tida framover. Nøkkelen til å få ein god samfunnsøkonomisk effekt av eit slikt fleirbruksanlegg er å gje rom for fleire aktørar.

 

Skogbruket sitt behov for utskiping

Ei utviding av eksisterande djupvasskai med 85 m gir ein kaifront på 180 m. For skogbruket inneber denne utvidinga ein eigeneigen kaifront for tømmer, som gir ein vesentleg forenkling av logistikk. Ved å legge tømmer direkte fram, får ein maksimal kapasitet med 2 rankar på front, samt baklager med stor kapasitet.

Skogbruket i regionen har opplevd ein sterk auke i hogsten dei siste åra. Særleg i Ørsta, men også i nabokommunane. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har utarbeidd prognosar for avverkinga i Volda og Ørsta for perioden 2015 – 2040. Den tilseier eit samla årleg volum på 1,1-1,2 mill m³, noko som tilsvarar eit snitt på 45 000 m³ per år. Toppen i avverking vil kome i perioden 2030-35. Dette har samanheng med den store skogplantinga som gjekk føre seg i Ørsta og på Nordvestlandet i perioden 1950-75. Ørsta var den første kommunen som utarbeidde planar for intensiv skogplanting. Og no er haustinga i gong og utskipinga kan gjerast på eit veleigna anlegg.

 

 

Film frå opninga:

Følg oss