Rettigheitskurs: Hjelpe- og støtteordningar

hender.png - Klikk for stort bilete

 

Foreldre/føresette til barn og ungdom i skulealder med langvarige helseutfordringar - kronisk sjukdom/funksjonshemming som ønskjer kunnskap og forståing for kva for hjelpe- og støtteordningar som finst for familien. Innhaldet for dagen er i hovudsak for dei som har fått diagnose i nær tid.

Vi vil oppmode begge foreldre/føresette til å delta i opplæringa.
 

 Invitasjon og program


Dato: 21. november
Klokka: 08.30 - 15.30 
Kvar: Flatsalen på Ørsta kulturhus

Opplæringa er gratis. 

 

Tilvising

Ønskjer du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlege for tilvising til kurset. Tilvisinga sendast til same adresse som til påmeldinga. Tilvisinga må merkast med namnet på kurset: Rettar og mulegheiter?
Er familien allereie til behandling i spesialisthelsetenesta i Klinikk for kvinner, barn og ungdom, trengst ikkje tilvising.


Påmelding innan 26. oktober

Påmeldinga er bindande

Ved påmelding treng vi desse opplysningane: Namn på barnet, fødselsdato, diagnose, namn på foreldre/føresette, adresse og telefon.

Hugs å merke påmeldinga med namnet på kurset. 
Påmelding på telefon 70 05 85 70 el. send til: BUP poliklinikk, Helse Møre og Romsdal, Postboks 113, 6101 Volda  
 
Opplæringa er gratis!
 
Dersom du ikkje kan møte på opplæringa må du avbestille snarast og seinast 24 timer før på telefon 70 05 85 70.
Dersom du ikkje avbestille blir du belasta med eit ikkje- møtt gebyr på kr 702.-
 
 

Informasjon om opplæringspengar

Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for eit langvarig sjukt eller funksjonshemma barn, dersom opplæringa er naudsynt for å kunne følgje opp barnet. Opplæringspengar blir rekna på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med på opplæringa.


Nærare informasjon vil bli gitt i starten av kurset, eller les om opplæringspengar under NAV.no.
Du kan også ta kontakt med Lærings- og mestringssenteret i Helse Møre og Romsdal, tlf. 71 12 09 95.

  • Vi tek atterhald om endringar i programmet.
  • Maks tal deltakarar er 40 personar.
 

Meir informasjon:

  • Kursansvarleg Elin Fladseth 41 76 10 76.
  • Lærings- og meistringssenteret (LMS), 71 12 09 99 eller 70 10 63 98.
Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Nyhende