Bygg og bu i Ørsta

Ørsta kommune har ledige bustadtomter både i sentrumsområda og i krinsane Vartdal, Hjørundfjord og Barstadvik. Ønskjer du nærare informasjon om eit område og om ledige tomter, kan du kontakte kommunen.

Sentrumsområda
Øvre Mo er ei vidare utbygging av bustadfeltet Mosmarka mot sørvest. Dette attraktive feltet er utbygd både med frittliggjande einebustadar og konsentrert busetnad. Feltet er ein del av ringrutenettet, med godt barnehagetilbod og lett tilgang til storslagne naturområde. 

Osmarka/Rystefeltet
Dette området som ligg rett sør for Ørsta sentrum er bygd ut over fleire år og strekkjer seg frå Ose til Hovden. Feltet er lett tilgjengeleg og har god tilgang til offentleg transport. Rystefeltet er vestvendt med mykje kveldssol. Der er framleis ledige tomter.

Sætrebakkane ligg 2,5 km vest for Ørsta sentrum. Området er lunt, med flott utsikt over Ørstafjorden. Friluftsområdet Skorgedalen ligg like ved.

Vartdal
Sætrefeltet ligg i ei solrik åsside litt aust for Vartdal sentrum og har utsikt over Vartdal og Vartdalsfjorden. Det er kort avstand til barnehage, barne- og ungdomsskule.

Steinholen ligg på Nordre Vartdal. Feltet ligg på ei høgde sør for E 39 og har utsikt over Vartdalsfjorden mot Hareidlandet og Sulafjorden. Området vender mot vest og er solrikt.

Sæbø
Sæbøneset ligg ut mot Hjørundfjorden litt nord for Sæbø sentrum. Barnehage og barne- og ungdomsskulen ligg i sentrum.

Barstadvik
Barstadvik bustadfelt ligg i ei åsside nokre hundre meter vest for skulen og idrettsplassen. Feltet har utsikt til Vartdalsfjorden og Barstadvika.

Næringsareal
Ørsta kommune har rike industritradisjonar, noko som har sett sitt preg på kommunen si historie. I dag er det verkstad og møbel som utgjer hovudtyngda av industriverksemder i Ørsta. For å sikre næringslivet gode vilkår har Ørsta kommune dei siste åra sett i gang fleire omfattande reguleringsprosjekt med tanke på å skaffe areal til industrien og lage eit tenleg handelssentrum på Søre Sunnmøre. Vi kan difor tilby attraktive tomter for dei som vil etablere verksemd i Ørsta:

Mosflatene industriområde
Området ligg i flatt terreng rett aust for Ørsta sentrum. Det er regulert inn 79 daa til industri- og næringsføremål i feltet. Møbelkonsernet Fora Form har fabrikk i industriområdet.

Hovden Næringsområde ligg i Hovdebygda, rett ved flyplassen og Kyststamvegen E39. Terrenget er svakt stigande. Rystelandet ligg ved Ørstafjorden rett sør for sentrum. Mellom anna ligg Ørstaterminalen, med djupvasskai, i dette feltet.

Barstadvik Næringsområde ligg ved kyststamvegen E39, ikkje langt frå ferjesambandet mellom Ørsta og Ålesund. Området ligg i flatt terreng.

Melsgjerdet
Ørsta kommune har regulert eit 111 daa stort område søraust for Ørsta sentrum. Området er ikkje klart for sal av tomter enno.

Kart Øvre Mo.png

Kontakt

Arnstein Nupen jurist
48074265
@ Arnstein Nupen

Følg oss