NY SØKNADSFRIST. Einingsleiar byggesak og oppmåling - 100 % fast, seksjon tekniske tenester. Søknadsfrist: 30.01.2019

Klikk for stort bilete I Ørsta kommune er det ledig 100 % fast stilling som einingsleiar for byggesak og oppmåling.
Stillinga er plassert i seksjon tekniske tenester.

Ørsta kommune er med sine om lag 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal, og er plassert i hjartet av Sunnmørsalpane. Kommunen har eit variert næringsliv og gode kommunikasjonar med omverda gjennom E39, Eiksundsambandet og Ørsta/Volda lufthamn Hovden som har direkteruter til Oslo og Bergen. 

Eining for byggesak og oppmåling har seks årsverk inkludert einingsleiar. Til stillinga som einingsleiar ligg delegert mynde i bygge- og delesaker, fullmakt til å gjere administrative vedtak innan gjeldande rammer og retningsliner, vedtak innan verksemdsområdet, tilvisingsmynde og driftsansvar innan vedteken budsjettramme. Einingsleiar byggesak og oppmåling inngår i leiargruppa til seksjonsleiar tekniske tenester.

Sak nr. 2018/3205
ID nr. 1233

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar

  • Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
  • Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
  • Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
  • Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Søknadskjema

Stillinga er plassert i kapittel 3.4.2, stillingskode 9451 – einingsleiar.

Hovudarbeidsområde som ligg til stillinga:

  • ansvar for leiing og administrasjon av eininga
  • personal- og økonomiansvar
  • handsaming av bygge- og delesaker
  • ansvar for utvikling og oppdatering av kartbasar
  • ansvar for utsending av eigedomsinformasjon
  • ansvar for separate utslepp etter forureiningslova
  • informasjon og rettleiing innan saksområda til publikum, administrasjon og politiske organ

Du vil også ta del i kommunen sine utviklingsprosessar, mellom anna i samband med medarbeidarundersøkinga 10-FAKTOR. Meistringsorientert leiing, kompetansemobilisering og helsefremjande medarbeidarskap er viktige prinsipp som er nedfelt i arbeidsgjevarstrategien vår.

Krav til søkjaren: 3-årig høgskuleutdanning (bachelor) som ingeniør innanfor bygg eller liknande. Leiarerfaring er ønskeleg. Erfaring frå sakshandsaming innan fagområdet kan kompensere for manglande utdanning.

Aktuelle søkjarar vert i tillegg vurdert ut frå desse kvalifikasjonane:

  • Relevant arbeids- og leiarerfaring
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
  • Kompetanse på gjeldande lovverk og forskrifter knytt til arbeidsområdet
  • Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
  • Engasjement og evne til å bry seg om både dei tilsette og arbeidsoppgåvene

Vi tilbyr:

  • Faglege utfordringar og gode kollegaer
  • Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
  • God pensjonsordning
  • Oppdaterte dataverkty
  • Deltaking i interkommunalt nettverk
  • Høve til etter- og vidareutdanning/fagleg oppdatering

Søkjarane vert vurderte ut frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, erfaring frå tilsvarande arbeid og personlege eigenskapar. Referansar vert nytta og aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Det kan også verte aktuelt med gruppeintervju. 

Den som vert tilsett bør kunne bruke eigen bil i samband med tenesta.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med assisterande rådmann/seksjonsleiar tekniske tenester Eldar Øye tlf. 700 49732.

Øvrige opplysningar: Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. 

Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette.

Vi ber deg nytte det elektroniske søknadsskjemaet, som du finn lenkje til på heimesida. 

Kontakt servicekontoret dersom du ønskjer å få tilsendt søknadsskjema på papir. 
Gjer vel å føre opp saksnummer og ID-nummer dersom du nyttar papirskjema.
  
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Kopiar av vitnemål og attestar skal sendast som e-post i ei  pdf-fil til postmottak@orsta.kommune.no  eller til Ørsta kommune, 
Dalevegen 6, 6153 Ørsta. 

Søknaden med vedlegg vert ikkje returnert. Desse vert makulert etter tilsetjing. 

Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve til prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Fann du det du lette etter?