Kommunen som arbeidsgjevar

Ørsta kommune har ein variert arbeidsmarknad med mange kompetansearbeidsplassar. Ørsta kommune er den største arbeidsgjevaren i kommunen med om lag 1000 tilsette. Kommunen skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, som ynskjer å rekruttere og halde på dyktige medarbeidarar. Arbeidsgjevarstrategi for Ørsta kommune byggjer på kommunen sine verdiar og peikar på dei innsatsområda som kommunen må vere god på for å utvikle organisasjonen og medarbeidarane. Slik kan kommunen vere ein attraktiv arbeidsgjevar som er konkurransedyktig og tilbyr gode tenester til innbyggjarane og brukarane.

Arbeidsgjevarstrategi for Ørsta kommune

 

Arbeidet i Ørsta kommune byggjer på verdiane:

Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
 

Leiarprinsipp:

Leiarar på alle nivå i Ørsta kommune skal få fram det beste i medarbeidarane gjennom å:

  • involvere medarbeidarane
  • fremje meistring
  • setje tydelege mål og stille krav
  • utfordre og støtte

Som medarbeidar i Ørsta kommune skal du oppleve at me treng din kompetanse og at du får utvikle denne, slik at oppgåver vert løyste til det beste for innbyggjarane.