Løn, pensjon og forsikring

 

Ulykkesforsikring i fritid for tilsette i Ørsta kommune

 
Kommunal Lands pensjonskasse (KLP) er Ørsta kommune sitt forsikringsselskap når det gjeld tariffesta personforsikringar som livs- og ulykkesforsikring. Dei tilsette får i tillegg tilbod om å teikne ulykkesforsikring som gjeld i fritida mot eit trekk i løn på kr 40 pr månad. Forsikringa er friviljug, men dei tilsette vert i utgangpunktet innmeldt i denne ordninga. Dersom nokon ynskjer å reservere seg, gir dei melding om det ved å krysse av på svarslippen i tilsetjingsbrevet.
 

 

Innhaldet i fritids- / Arbeidstakar forsikringa er:

  • Forsikringstilbodet er identisk med tariffavtalen som gjeld i arbeidstida når vi produserer tenester. Og vi kan peike på følgjande:
     
  • Ein blir forsikra mot ulykkesskade døgnet rundt, til og frå arbeid, i pausane, i heimen både under arbeid for kommunen og under fritidsaktivitet, samt på reiser i inn og utland.
     
  • Ein slepp rettssaker og dokumentasjon på at ein var i arbeidssituasjon for å få erstatning etter ulykke.
     
  • Ingen samordning med andre forsikringar – privat/fagforeining
     
  • Dekning av behandlingsutgifter etter ulykke, slik som refusjon av kostnader til lege, tannlege, fysioterapi, kiropraktor, medisin, protesar og reisekostnader m.m.
     
  • Erstatning ved tap/skade av kroppsdel med inntil 3 G = kr 246 366 pr 01.05.12
     
  • Erstatning ved ervervsuførheit – erstatning for tap i framtidig inntekt 
     
  • Minimum 15 G = kr 1 231 830 pr 01.0

 

5.12 etter ulykkesskade

 
Erstatning ved ulykke eller død 15 G = kr 1 231 830 pr 01.05.12  (+ særtillegg for kommunal livsforsikring)
 
Alle forsikringssummane er uavhengige av alder, kjønn og stillingsstorleik
 
Alle erstatningane er skattefrie
 
Med ”døgnet rundt forsikring” har vi også av KLP fått ei mykje betre dødsfallerstatning i arbeid og fritid enn tariffavtalane krev.
 
 

Pensjon 
 

Tilsette i Ørsta kommune har pensjonsmedlemsskap i KLP (undervisningspersonale har i SPK- Statens Pensjonskasse).
 
Det vert trekt 2% av lønna til dette føremålet.
 
Kommunen vil som del av livsfasepolitikken vår, så langt som råd legge tilrette for at tilsette som ynskjer det kan gå av med gradert AFP, om det vert fremja ynskje om det. 
 
Spørsmål om forsikring og pensjon vert å rette til sakshandsamaren vår: Bente Lothe Eldholm 
 
 
 
 
 
 
 
 

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 04.01.2018
Fant du det du lette etter?