Løns- og arbeidsvilkår

Som tilsett i kommunen vår er det mykje du skal gjere deg kjend med og sette deg inn i. 

Kommunen fylg Hovudtariffavtalen for KS- området i høve lønsplassering, med mindre anna er oppgitt i utlysingsteksten. I tillegg kjem føringar gitt gjennom lokal lønspolitikk for kommunen.

Den lokale lønspolitikken kan du lese meir om her:

Lønspolitikk for Ørsta kommune


Lønn vert utbetalt den 12. i kvar månad. Spørsmål om løn skal primært rettast til næraste leiar.

For at vi skal kunne gi deg rett lønn er det viktig at du leverer inn kopiar av alle attestar og vitnemål saman med svarslippen din. Berre kopiar som er stempla med ”rett kopi” og signert  av person med mynde til det vert godkjent (PDF- filer vert ikkje godkjende). Dersom du har vore ute av jobb i samband med ulønna omsorg for born, må du legge ved kopi av fødselsattest for borna. Papira må vere kome til oss innan den siste i månaden for å få det med på lønskøyring i påfølgande månad.

Du bør også gjere deg kjend med kven som er din hovudtillitsvald dersom du er organisert i ei fagforeining. Ved fremjing av ev. lønskrav ved tilsetting skal det skje gjennom din hovudtillitsvald om du er organisert, ev. gjennom skriftleg krav direkte til arbeidsgivar ved stabsleiar personal om du ikkje er organisert. Slike krav vert handsama av forhandlingsutvalet jf. Lønspolitikk  for Ørsta kommune.

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 04.01.2018
Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

Idun Hofset Stabsleiar
47903192
@ Idun Hofset

Nyhende