Lærling i Ørsta kommune

Som lærling/lærekandidat hos oss inngår du lærekontrakt/opplæringskontrakt og tek del i utdanninga på ein eller fleire av lærestadane våre. Lærlingar/lærekandidatar har rettar og plikter som andre tilsette. Du har rett på å få den opplæringa som læreplanen fastset, men også plikt til å delta aktivt for å nå måla, og å delta i planlegging og vurdering av ditt eige arbeid. Læretida vart avslutta med ein fagprøve/kompetanseprøve.

Ørsta kommune er godkjend lærebedrift innafor fleire fag:

  • helsefagarbeidar  (10 plassar)
  • barne- og ungdomsarbeidar  (4 plassar) 
  • institusjonskokk  (2 plassar)

Ørsta kommune er ikkje knytt til eit opplæringskontor. Kommunen kan tilby lærekontrakt eller opplæringskontrakt i to år, løn under utdanning, leiarar med god fagleg bakgrunn og dyktige instuktørar og rettleiarar.

Du kan søkje læreplass hos oss dersom du er elev med:

  • to år på yrkesfagleg studieretning og med rett til treårig vidaregåande utdanning
  • bestått tverrfagleg eksamen på Vg1 og Vg2
  • lite fråvær og bestått i alle fag

Vi vil primært prioritere søkjarar med ungdomsrett, men dersom det er ledig kapasitet vil vi også vurdere elevar som har brukt opp retten sin til treårig vidaregåande opplæring. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju, og det er det totale inntrykket som vert avgjerande for kven som får tilbod om læreplass hos oss. 

 

 

 

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 28.04.2015
Fann du det du lette etter?