Arbeidsmiljø

Ørsta kommune skal arbeide for å skape helsefremjande arbeidsplassar. Dette skal gje tilfredse arbeidstakarar, høgt nærvær i organisasjonen og god kvalitet på tenestene.

Målet er at Ørsta kommune har arbeidsplassar som vert opplevde som trygge, meiningsfulle og helsefremjande.

Gjennom eit aktivt og systematisk HMT-arbeid (helse, miljø og tryggleik) skal kommunen sørgje for trivsel, tryggleik og eit fullt ut forsvarleg arbeidsmiljø for dei tilsette.

Kommunen gjennomfører årlege arbeidsmiljøkartleggingar, som gjennom handlingsplanar og oppfylging skal skape kontinuerlege forbetringar.

Gjennom arbeidsmiljøprisen ynskjer Ørsta kommune å løfte fram og honorere dei gode resultata og  tiltaka for godt arbeidsmiljø som finst i organisasjonen vår.

Gode tiltak som har overføringsverdi kan gje positive ringverknader i heile organisasjonen. Vi skal lære av kvarandre og feire kvarandre sine suksessar!

 
 
Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 28.11.2014
Fant du det du lette etter?