Velkommen til den internasjonale eldredagen 06.10.21, kl. 15.00

Prosjektleiar for "Leve heile livet" og eldrerådet  - Klikk for stort bileteHeilt til venstre står prosjektleiar Stina Jakobsen. På eldredagen vil ho dele tankar om korleis informasjonen frå undersøkinga "Leve heile livet" er tenkt brukt. På bildet ser du også eldrerådet som har delteke i arbeidet med undersøkinga. Frå venstre: Leiar i eldrerådet Torill Langlo, og medlemene Steinar Nordang, Eldbjørg Tvergrov, Bjarte Roth, Ludvik Flåskjer, og Brit Aanning Aarseth. Gudny Fagerhol var ikkje tilstade då biletet vart teke. Ingvild Marie Taraldset Ørsta pensjonistlag og Ørsta eldreråd inviterer til markering av Den internasjonale eldredagen onsdag 6. oktober 2021, kl. 15.00 i festsalen på Ørsta kulturhus.

Sigurd Ose byr på pianomusikk, vi skal synge, ta oss tid til ei god matykt, og vi får nyttig informasjon.

Ørsta kommune har hatt ei spørjeundersøking retta mot innbyggjarar over 60 år gjennom arbeidet med reforma «Leve hele livet».  Vi reknar med at det er interesse for å få vite noko om resultatet, om vi kan sjå trendar, eller tilbod som er sakna i kommunen vår, eller om det er noko vi har som kan verte betre? Koordinator Stina Jakobsen i Ørsta kommune deler tankar om korleis informasjonen er tenkt brukt for å skape eit meir aldersvenleg samfunn.

Eldreombodet Bente Lund Jacobsen vert til stades digitalt,  noko som er heilt i tråd med temaet for FN`s internasjonale eldredag som er Digitalisering.

Eldre i alle aldrar er hjarteleg velkomne. Inngangsbillett kr. 100.- dekkjer mat og fungerer som lodd med trekning i løpet av programmet.

Vel møtt, vi har gode tilbakemeldingar frå markeringar av denne dagen, og vi skal ha det kjekt denne gongen også!

 

Helsing Ørsta Pensjonistlag v/Eli Kjøde og

Ørsta eldreråd v/Toril Langlo

  

Følg oss