Vegen over Standalseidet vert stengt måndag 6.9–torsdag 9.9

Grunna asfaltering vert kommunevegen over Standalseidet heilt stengt mellom Kolåsen og Myklebustsætra frå måndag 06.09 kl. 08:00 til og med torsdag 9.9 kl. 08:00.

Det er topplaget/ slitelaget på vegen som skal leggast slik at det vert ikkje mogeleg å køyre forbi eller inn i området før torsdag morgon. På vegen frå Standal-sida til Standalseidet (frå aust) vert det ikkje utført arbeid slik at det er mogeleg å kome til hytteområdet ved Standalseidet ved å køyre rundt via Festøy- Standal- Standalseidet desse dagane.

Vegen vert stengd frå måndag 06.09 kl. 08.00 til og med torsdag 9.9 kl. 08.00.

Følg oss